Søndag 05.06.16 gjekk Lustraløpet av stabelen. Lustraløpet går frå Nes og inn til Luster og er på 1 mil. Syril var representert med ein løpar: Ida Bjørk, som stilte i klassen 15-17 år. Dette var hennar første langdistanseløp.
I nasjonalromantiske omgivnadar, bada i sol, med temperatur godt over 20 grader i skuggen og vindstille, kunne det bli varmt for nokon og einkvar. Trass varmen kom Ida i mål på tida 43 minutt og 46 sekund, som var 1 minutt og 14 sekundar raskare enn målet ho hadde sett seg.
Ida var samla sett andre jente/dame i mål.
Foto: Ane Bjørk