Trakkemaskina er i gang og det er spor for langrenn 1. desember kl. 18 på Kleppa
Handball i Leikangerhallen fyrste helga i advent
I helga vart det spela 7 kampar.
Fredag kveld hadde me besøk av Aurland sine 15 års jenter. Dette var ein kamp som Syril dominerte frå start til mål. Syril vann klart 33-7.
Laurdag var det Syril sine jenter 12 år som starta med å vinne over Bjørn. Sluttresultatet vart 7-3.
Så var det jenter 13 år sin tur som starta med å vinne over Høyang 2. Ein kamp der dei først låg under, men kom sterkt på slutten for så å vinna med 9-5. I den andre kampen deira den dagen var mot Høyang 1. Her vart det litt tøffare tak, og jentene våre tapte 15 – 9.
I gutekampen mellom Syril og Eid/Haugen i klasse G14 vart det til slutt borteseier med 13-17.
Alle kampane på laurdag vart leia av Siv Hickman, Siri Fossøy, Kristine Linde Røyseth og Ingrid Fredheim. Dei tre første er nettopp ferdige med «dommar1- kurs» som vil seie at dei no er klare for å dømme opp til og med G/J14. Per Reidar Svangstu frå Bjørn var til stades på alle kampane som dommarobservatør. Tilbakemeldingane frå han var svært gode, og me håpar desse vil hjelpe oss med dømminga i Leikangerhallen i mange år.
Søndag var det igjen klart for kamp. Denne gang med voksne damer frå Syril og Førde 2. Førde 2 starta kampen i stort tempo, og leda kampen 7-1 etter 15 minutt. Men damene til Syril ville det annleis, og åt seg sakte men sikkert inn på Førde 2. Med om lag 12 minutt igjen av kampen var stillinga 17-17. Derfrå og inn vart det mykje neglebiting for dei om lag 100 som sat/sto på tribunen. Syril klarte det og vann 21-19.
I siste kampen i helga var det Syril sitt jente 15 som skulle måle krefter med Jotun/Åtil sine jenter. Jentene til Syril var mykje sterkare, og vann igjen som dei gjorde på fredag kveld. Denne gongen med 25-12.
Syriljentene kandidat til «årets sogning»
Syriljentene er kandidat til Sogn Avis sin årlege heiderspris for 2015. Dei 10 kandidatane er plukka ut for å ha utmerka seg i året som har gått.
Gi di stemme til syriljentene her. Frist for avstemming er 14. desember!
Kalendar til Syril
Vi gjer eit forsøk med kalendar for Syril og ser om det fungerer. Det er avhengig av at trenarar, lagleiarar med fleire tek han i bruk. Terskelen er så låg at kan du bruke kalendaren på Outlook, Gmail osv, greier du det.
For å få inn kampar, treningar med meir i kalendaren, send ei “møteinnkalling”/invitasjon frå din kalendar til kalendar@syril.no. Vi ser over invitasjonen før legg han inn i kalendaren til Syril.
Tips til å skrive «møteinnkallinga»/invitasjonen:
- Fotballkamp G12 Syril – motstandar
- Handballtrening J13/14
- Friidretttrening J13
- Skikarusell
- Fotballturnering
- osv.
Angi helst staden det skal foregå på og eventuelt ei kort skildring.
Posting med e-post
Adresse å sende til: nett@syril.no.
- Emnet på e-posten = innleggstittelen.
- Meldingsteksten til e-posten = innlegget.
Leggjer du ved eit enkelt bilde blir det integrert i posten din. Dersom du sender med fleire bilete, vil dei bli vist som eit galleri. I tillegg er følgjande filformat støtta:
- Lydfiler (mp3) vert spelt av ved hjelp av WordPress Audio Player.
- Videofiler som mp4, mov, wmv, avi, mpg, og m4v blir vist ved hjelp av WordPress video player.
- Alle andre filer (doc, pdf, etc) vil bli vist som linker til vedlegget.
NB! Hugs å fjerne standardsignaturen din frå e-posten!!!
Kategorisering og stikkord på innlegg
For at det skal vere enkelt for dei som vil finne at visse type innlegg/nyhende er det viktig å tildele kategori og stikkord.
Kategori
Aktivititet (Fotball, Handball, Fjordklubben, Symjing osv.), arrangement (Kjeringi Open, Sognefjordrennet, Bjørgahaug Opp), idrettsanlegg (Stadion, Kunstgras, Saften osv)
For å setje kategori på innlegget ditt i e-posten, legg til på ei line:
[category x,y,z]
x,y,z er kategoriar med komma mellom. Vanlegvis er berre ein kategori.
Stikkord
Stikkord er korte ord som skildrar det innlegget handlar om, t.d. medlemsavgift, treningsavgift, kamp, trening, treningstid osv. Ikkje skriv fotballtreningsavgift. Den set du kategori Fotball på og stikkord Treningsavgift.
[tags x,y,z]
x,y,z er stikkorda med komma mellom. Bruk gjerne fleire stikkord.
Avtale med Intersport Sogndal om langrennsutstyr
Medlemmer av Syril som driv med langrenn kan få 20% rabatt på definerte merke og utstyr, vist under. Du må skrive deg på ein liste hos Intersport for å få høve til dette og oppgi e-postadresse (vi sjekkar lista om du er medlem i Syril).
VARE/MERKE |
MEDLEMSKJØP |
EVT |
MIZUNO |
20 % på veil pris |
SKO/TEKSTIL |
CRAFT |
20 % på veil pris |
TEKSTIL |
MADSHUS |
20 % på veil pris |
RACE JR/SR SKI /SKO |
ALPINA |
20 % på veil pris |
RACE JR/SR SKO |
FISCHER |
20 % på veil pris |
RACE JR/SR SKI /SKO |
SWIX |
20 % på veil pris |
TEKSTIL/SMURNING/STAVAR |
RODE |
20% på veil pris |
SMURNING |
VERKSTAD SKI |
20 % |
SLIP/PREPP O.L |
- RABATT gjeld på varer som er i butikk , ikkje bestillingsvarer
- Enkelte varemerker kan endrast etter avtale mellom Iintersport og SYRIL
- Enkelte produkt i butikk er marknadspris (Allereie nedsette prisar). Desse produkta blir ikkje rabattert ytterlegare.
Rimeleg overtrekksjakke med Syril logo
Som del av avtalen langrennsgruppa har med Intersport Sogndal gir Intersport og Syril langrenn eit godt tilbod på overtrekksjakke, svart (Craft) med Syril-logo hos Intersport Sogndal frå 29. oktober til 7. november.
Senior (kvinne og mann) kr. 730 (veil. kr. 1299), junior (opp til str. 164) kr. 340 (veil. kr. 699). I tillegg kjem kr. 70 per jakke for Syrillogo (faktura frå Syril). Den gunstige prisen kjem av at du må ha logo for Intersport Sogndal på jakka!
Logo for hovudsponarar i tillegg