Klubbutvikling/-driftskurs 30. mars

Laurdag 30. mars invitera NFF Sogn og Fjordane alle klubbar i Sogn til eit 1-dagskurs i klubbdrift og klubbutvikling. Dette kurset er det første av fire kurs som skal hjelpe alle frivillige og ansatte i fotballen til å gjer ein effektiv og god jobb med å tilrettelegge for aktivitet på alle nivå i norsk fotball. Målgruppa er alle frivillige og ansatte i klubb, frå styremedlem, kioskansvarleg til lagleiarar og trenar.

Læringsmål:
Forstå idrettens formål
Forstå klubbens ytre rammer
Forstå hvorfor helhetlig styring – der klubben som sjef er viktig
Kjenne til NFF Kvalitetsklubb

Kurset er satt saman av tre modular, som saman vil utløyse kompetansen «FLK 1»:

Modul 1: Den verdifulle idretten
Modul 2: Vår store fotballfamilie
Modul 3: Banen vi spiller på

Det vert lagt opp til gruppearbeid, erfaringsutveksling og teori frå kurshaldar frå krets. Alle med verv som arrangementansvarleg, styremedlem, trenar, lagleiar osv. vil ha nytte av dette kurset.

Kurset arrangeres:
Sted: Leikangerhallen, 4.etg

Når: Lørdag 30. Mars
Tid: 10:00 – 17:00
Pris: GRATIS

Påmelding ved å trykke «skal» på facebookeventet: https://www.facebook.com/events/388102671753811/ eller på e-post til anders.veibust@fotball.no

Årsmøte 11. mars 2019 kl 19:00

Innkalling til årsmøte 2018 i Syril i Saften, 4 etasje. Førebels sakliste:

  • Opning
  • Godkjenning innkalling og sakliste
  • Val ordstyrar og referent
  • Val 2 medl. til underskriving protokoll
  • Godkjenning årsmelding og rekneskap
  • Fastsetjing medlemskontingent
  • Opprusting friidrettsstadion, finansiering
  • Framlegg til budsjett
  • Val:
    • Formann
    • Nestformann
    • Kasserar
    • Styremedlem
    • Formann og nestformann gruppene
    • 2 revisorar
    • 3 medl styringsgruppa Kjeringi Open
    • 2 medl hyttestyre

     

Kleppakort vinteren 2018/-19

Kleppakortet er eit universalkort, som dekker alle aktivitetar for heile familien (event. Barn/vaksen) på Kleppa ein vintersesong. Kortet dekkar slalombakken, skikarusellar og (lys)løypeavgift.

Kleppakortet er for sal i vaktbua kontant, eller kan betalast til bankkonto 3781.07.31029 eller med VIPPS til 88235 merka med Kleppakort og namn. Me oppmodar om at ein betaler via bank eller VIPPS.

 Barn 0-6 årBarn 7-154. klassingVaksneFamilie
KleppakortGratis650Gratis6501 600

NB! På grunn av sein start på sesongen er prisane justert ned i høve eit normalår. Vi har også forsøkt å ta omsyn i prisen til dei som allereie har betalt for skikarusellen, men som i utgangspunktet hadde tenkt å kjøpe Kleppakortet.

Plastlommer til å festa kortet om armen er til sals i vaktbua for kr 20. Alle i familien vil få utskreve eige kort. Kort kan ikkje overdragast til andre. Alle må bera kortet synleg på høgre overarm.

KM Futsal 13-19 år i helga

Syril arrangerer kvalifisering til KM Futsal for 13-19 år, laurdag 2. og søndag 3. februar. Kampane laurdag startar kl 11.00 og på søndag kl 1200.

I Sogn vert det spelt i Gaupne og på Leikanger. Sluttspelet der kretsmestrane i Futsal vert kåra går på Sandane 2. – 3. mars.

Det blir mange kampar å gle seg til i Saften i helga!

Kafe med varm mat.

Resultatservice

Møt opp!

innandørsKM – web

Medlemsavgift 2019

Det blir inga endring i satsane, Syril vidarefører satsane for 2018:

FAMILIE* 500
ENKELTMEDLEM 350
BARN UNDER 17 ÅR 250

Kontonummer: 3781 07 31029 eller VIPPS til 88235
Merk innbetalinga med: Medlem <år> og namn på familiemedlemer

Det blir ikkje lagt ut eller sendt bankgiroar i Posten. Bruk kvitteringen frå (nett-)banken som medlemskort!

Velkomen som medlem!!

*) Eit familiemedlemskap dekkar born som bur på same adresse som forelder/foreldra. Dersom borna er studentar og bur borte for å studere, godtek vi at dei kan inngå i eit familiemedlemsskap med forelder/foreldra.

Skikarusell på Kleppa 2019

Skikarusellen på Kleppa startar 26. januar. Det er planlagt 5 renn i løpet av vinteren:

  1. Laurdag 26. januar kl. 12-13
  2. Laurdag 9. februar kl. 12-13
  3. Laurdag 2. mars kl. 12-13
  4. Laurdag 9. mars kl. 12-13
  5. Laurdag 23. mars kl. 12-13 – Premieutdeling/sesongavslutning kl. 13.30.

Deltakarane møter til start ved skihytta på Kleppa mellom dei oppgitte klokkesletta.

Skikarusellen er eit tilbod for born til og med 4. klasse. Startnummer, som gjeld alle karusellane, kostar 100 kroner og vert seld i skihytta når det er karusellrenn. Startnummeret skal brukast på alle renna, og leverast inn etter siste rennet.

Fjellturar
Inntil to fjellturar til Øvstestølen kan telje med i karusellen. Det er lagt ut bok i varmebua. Vi tel med registreringar frå boka vart lagt ut og fram til og med 23. mars.

Premiering
Det blir gitt eitt poeng pr. karusellrenn/fjelltur. Det vert premiering for alle påmeldte deltakarar. Det vert premieutdeling laurdag 23. mars.

Skileik for 1. – 3. klasse
Bli med på leik og moro på ski, torsdagar 17.30 – 18.30. Oppstart 24.01.19.
Trenar er Olav Haugen, tlf: 91558934

Barneski-004

Skikarusell 2019

Resultat Klepparennet 19.01.19

G 7 – 1 km

  • 20:32 – Matias Hermansen-Ytrøy, Syril IL
  • 14:03 – Sondre Tveit Eggum, Syril IL
  • 08:19 – Gunnar Tørnes, Årdalstangen IL

G 8 – 1 km

  • 10:18 – Øyvind Eiken Oppedal, Syril IL
  • 12:30 – Christian Haugen, Syril IL

G 9 – 1 km

  • 06:24 – Emil Steinsøy Kvam, Syril IL
  • 08:12 – Nikolai Aase Haugen, Syril IL
  • 05:04 – Jørgen Aa Sandal, Breimsbygda IL
  • 10:05 – Ragnar Skrede Valvik, Syril IL
  • 08:41 – Håvard Tveit Eggum, Syril IL
  • 08:20 – Markus Føleide Skinlo, Syril IL

G 10 – 1 km

  • 05:15 – Oliver Amadeus Bergum, IL Bjørn – Ski
  • 08:29 – Håkon Yri, Syril IL
  • 07:03 – Johan Stormyr Lund, Kaupanger IL
  • 05:21 – Anders Gjerland, Syril IL
  • 07:50 – Tobias Gjerde Wilson, Syril IL

G 11 – 2 km

  1. 10:56 – Kristoffer Tørnes, Årdalstangen IL
  2. 11:58 – Jo Blikken, Årdalstangen IL

G 12 – 2 km

  1. 08:56 – Eskil Nes, Årdalstangen IL
  2. 11:41 – Mathias Solvi Mardal, Sogndal IL

G 13 – 3 km

  1. 09:13 – Isak Bøthun, Sogndal IL
  2. 09:43 – Gard Sønnesyn, IL Bjørn – Ski
  3. 10:49 – Isak Øyre Nundal, Jotun IL

G 14 – 3 km

  1. 09:15 – Jørgen Sekse, Hafslo IL
  2. 09:22 – Eskil Watsend Erichsen, IL Bjørn – Ski

G 15 – 5 km

  1. 18:41 – Mathias Aa Sandal, Breimsbygda IL

G 16 – 5 km

  1. 16:44 – Gard Reppen Vigdal, Jotun IL

M 17 – 10 km

  1. 33:34 – Håkon Aa Albretsen, Kaupanger IL

M 18 – 10 km

  1. 34:51 – Vegard Eikevik, Sogndal IL

M 19/20 – 10 km

  1. 30:11 – Eskil Hov, Kaupanger IL
  2. 30:40 – Erlend Henjesand, Syril IL

J 8 – 1 km

  • 06:03 – Isabel Bøthun, Sogndal IL
  • 07:34 – Tilda Nummedal Engebø, Kaupanger IL

J 9 – 1 km

  • 14:21 – Sara Saltnes Slinde, Syril IL
  • 07:56 – Tindra Evelina Bergum, IL Bjørn – Ski
  • 13:00 – Sarah Norum Husabø, Syril IL
  • 06:08 – Maiken Solvi Mardal, Sogndal IL
  • 13:40 – Tomine Hermansen-Ytrøy, Syril IL

J 10 – 1 km

  • 06:59 – Anna Felde Hasund, Syril IL

J 13 – 3 km

  1. 12:03 – Regine Aa Sandal, Breimsbygda IL

J 15 – 5 km

  1. 20:03 – Oda Sønnesyn, IL Bjørn – Ski

K 17 – 5 km

  1. 18:56 – Stina Hillestad, Hafslo IL

K 19/20 – 5 km

  1. 19:34 – Maria Lund, Kaupanger IL

 

Resultatlista for nedlasting og utskrift

Syrstrond Idrettslag