Stikkordarkiv: Futsal

KM kvalik Leikangerhallen

Laurdag 1.februar og sundag 2.februar vert det spelt KM kvalik futsal i Leikangerhallen. Full rulle begge dagane med mange kampar. Laurdag spelar J/G 13 og G15, sundag spelar G14 og J/G 16. Turneringsstart begge dagar er kl.11.00

Her finn du resultatoppdatering for alle kampane i Leikangerhallen: Resultatservice

Kvalifisering KM futsal

Kvalifisering KM futsal aldersbestemt vart gjennomført i helga.

Syril hadde totalt 8 lag frå ulike årskull med, og kampane vart spelt i Vik laurdag og sundag.

Følgjande 4 lag fra Syril kvalifiserte seg til sluttspelet i Trivselshagen på Sandane laurdag 4. og sundag 5. mars:

G 13

J 13

G 16

J 16

Syril Fotball gratulerar alle med god innsats på kvalifiseringa og ynskjer dei som skal på sluttspelet på Sandane lukke til.

 Jan Tore Slinde, Sportsleg leiar

Syril damer vann KM futsal 2016

I fjor tok Syril andre plassen, bak Balestrand, i KM futsal i Førde. Den 3.12.2016 stilte Syril med dette laget i Førde:

  • Siv Hickman
  • Stine Gjerde
  • Kristi Vangsnes
  • Julianne Fossberg (mål)
  • Synne Gjerde
  • Ida Bjørk
  • Ane Bjørk

Etter å ha vakna etter det første målet mot seg, køyrde dei over Førde og såg seg ikkje tilbake. Høgt tempo og mykje godt passningsspel gjorde at dei andre laga fekk ei litt for stor utfordring. Med 2 sigrar og 1 uavgjort enda Syril som puljevinnar. Sluttspelet gjekk greit. I semifinalen møtte dei igjen Førde og vann lett 3-0, før dei i finalen avslutta med å vinne 2-0 over Sogndal 2.

img_20161203_193352

Pulje 2

Lag Resultat
Stryn Sogndal 2 1 – 1
Syril Førde 4 – 1
Førde Stryn 1 – 0
Sogndal 2 Syril 0 – 1
Stryn Syril 0 – 0
Førde Sogndal 2 0 – 1

Puljevinnar Syril:

Tabell K V U T Mål P
1 Syril 3 2 1 0 5 – 1 7
2 Sogndal 2 3 1 1 1 2 – 2 4
3 Førde 3 1 0 2 2 – 5 3
4 Stryn 3 0 2 1 1 – 2 2

Sluttspel

Kamp Lag Resultat
A-1/4-1 Høyang Stryn 3 – 0
A-1/4-2 Sogndal 2 Balestrand 2 – 0
A-1/4-3 Syril Tambarskjelvar 2 – 0
A-1/4-4 Sogndal 1 Førde 2 – 3
A-1/2-1 Høyang Sogndal 2 0 – 2
A-1/2-2 Syril Førde 3 – 0
A-F Sogndal 2 Syril 0 – 2

Sølvvinnarar KM futsal

Syril J14 - KM

Syril J14 tok i dag sølv etter tap mot Eid i finalen. Etter 3 sigrar gjekk jentene vidare til kvartfinale. Der vann dei 3-1 over Førde 1. I semifinalen møtte dei Atløy. Det endte med siger 0-1. Godt jobba av jentene, og gratulerar så mykje med sølv.