Kleppakortet er eit universalkort, som dekker alle aktivitetar for heile familien (event. Barn/vaksen) på Kleppa ein vintersesong. Kortet dekkar slalombakken, skikarusellar og (lys)løypeavgift.
Kleppakortet er for sal i vaktbua kontant, eller kan betalast til bankkonto 3781.07.31029 eller med VIPPS til 88235 merka med Kleppakort og namn. Me oppmodar om at ein betaler via bank eller VIPPS.
Barn 0-6 år | Barn 7-15 | 4. klassing | Vaksne | Familie | |
Kleppakort | Gratis | 650 | Gratis | 650 | 1 600 |
NB! På grunn av sein start på sesongen er prisane justert ned i høve eit normalår. Vi har også forsøkt å ta omsyn i prisen til dei som allereie har betalt for skikarusellen, men som i utgangspunktet hadde tenkt å kjøpe Kleppakortet.
Plastlommer til å festa kortet om armen er til sals i vaktbua for kr 20. Alle i familien vil få utskreve eige kort. Kort kan ikkje overdragast til andre. Alle må bera kortet synleg på høgre overarm.