Skikarusell på Kleppa 2019

Skikarusellen på Kleppa startar 26. januar. Det er planlagt 5 renn i løpet av vinteren:

  1. Laurdag 26. januar kl. 12-13
  2. Laurdag 9. februar kl. 12-13
  3. Laurdag 2. mars kl. 12-13
  4. Laurdag 9. mars kl. 12-13
  5. Laurdag 23. mars kl. 12-13 – Premieutdeling/sesongavslutning kl. 13.30.

Deltakarane møter til start ved skihytta på Kleppa mellom dei oppgitte klokkesletta.

Skikarusellen er eit tilbod for born til og med 4. klasse. Startnummer, som gjeld alle karusellane, kostar 100 kroner og vert seld i skihytta når det er karusellrenn. Startnummeret skal brukast på alle renna, og leverast inn etter siste rennet.

Fjellturar
Inntil to fjellturar til Øvstestølen kan telje med i karusellen. Det er lagt ut bok i varmebua. Vi tel med registreringar frå boka vart lagt ut og fram til og med 23. mars.

Premiering
Det blir gitt eitt poeng pr. karusellrenn/fjelltur. Det vert premiering for alle påmeldte deltakarar. Det vert premieutdeling laurdag 23. mars.

Skileik for 1. – 3. klasse
Bli med på leik og moro på ski, torsdagar 17.30 – 18.30. Oppstart 24.01.19.
Trenar er Olav Haugen, tlf: 91558934

Barneski-004

Skikarusell 2019