Trekning Syril Trim 2019

Det har vore eit flott år for Syril Trim med godt sal av trimkort og mykje besøk på trimpostane. Vi har selt ein del fleire Trim 30-kort enn turpost-kort samanlikna med tidlegare år. Vi tolkar det som om fleire ønskjer å vere aktive, og vonar at lågterskeltilbodet aukar lysta til å strekke seg lenger og ta alle 20 turpostane i løpet av dei kommande åra. Så lenge ein tek turen i sitt eige tempo kan dei fleste greie det. Utsikt, natur, meistring og velvære frå turane overskygger innsatsen. Vi håpar og at nye trimmarar har teke turen på ein eller fleire av trimpostane, det er ein fin måte å bli kjend rundt om i kommunen.

Det har vore trekning for dei som har delteke og fullført Syril sitt turpostprogram og Trim 30. Premiane er gåvekort á kr 1.000 for turpostane og kr 500 for Trim 30. Ein stor takk til Erling Røysum AS og Små livsgleder for delsponsing av premiane, noko som gjer at vinnarsjansen blir større.

Små livsglederErling Roysum

Vinnarar av turposttrimmen og gåvekort á kr 1.000:

  1. Frode Ølmheim
  2. Ove Andre Slinde
  3. Solbjørg Halland
  4. Kari Kitty Stadheim*
  5. Anna Røysum*
  6. Hildegunn Høgheim
  7. Linda Grebstad Grinde*
  8. Siri Fossøy
  9. Morten Hansen
  10. Bente Olsmo Høgheim
  11. Sigrun Orrestad
  12. Kari Grinde

Vinnarar av Trim 30 og gåvekort á kr 500:

  1. Solbjørg Halland*
  2. Kjell Remø*
  3. Sissel Espe
  4. Steinar Røysum
  5. Espen Sæterbø
  6. Sigrun Orrestad
  7. Steinar Fredheim
  8. Roar W. Vangsnes
  9. Eva H. Nesse
  10. Svein Arne Volldal

Vinnarar av Trim 30 (barn) og gåvekort á kr 500:

  1. Emmelin Røysum
  2. Isabell Røysum
  3. Vegard Olsmo Oen

*) Gåvekort frå Små livsgleder

Premiar er på veg ut til dei heldige vinnarane!

Mange har valt å dele opplevinga på Facebook-gruppa til Syril Trim. Hald fram med å dele turopplevingar både vinter, vår, sommar og haust! Ikkje gløym å sende inn nokre av dine bilete til Syril Trim. Kanskje vil ditt bilete pryde eit av korta komande sesong.

Vi har ikkje teke inn bøkene i år heller, så det er berre å skrive seg inn i bøkene i vinter. Gje oss tilbakemelding om det er behov for nye bøker nokon stad.

Rosa sløyfe arrangement

Laurdag 19. oktober var det kamphelg og Rosa sløyfe-arrangement i Leikangerhallen. Det var kampar frå kl 13-18, loddsal med premiar og gjettekonkurranse. Alt av overskot frå kiosk og loddsal gjekk uavkorta til Rosa sløyfe-aksjonen. 

Vi fekk totalt inn nesten 8300 kr den dagen, og vil gjerne få takke alle som kom innom og bidrog til aksjonen!! 

Vi hadde også arrangert byttedag av treningsklede/utstyr den dagen, men det kom litt i skuggen av alt det andre. Vi kjem difor til å arrangere ein eigen byttedag seinare i år / tidleg neste år. Følg med!

Syril kallar inn til «Før snøen kjem- dugnad» på Kleppa laurdag 19. og 26. oktober 2019

Den årlege «før snøen kjem- dugnaden» på Kleppa/ Øvstestølen blir 19. og 26. oktober. Vi håpar  på ein god og snørik vinter. Og med dykkar hjelp skal vi nok få gjort det som må til for å gjere klar løyper, bakke og skitrekket, så eg håpar mange har anledning å stille!

Send melding om kva dag du stiller! Vi treng oversikt over kor mange som kjem og kva utstyr de har for å planlegge dugnaden.

Dugnaden startar kl. 10:00 og varer til 15:00 begge dugnadsdagar. Klokka 12:30  tek vi matpause ved skihytta.

 Oppgåver

  • Kutte renningar, greinar og trær i alpinbakke, trekktrace og langrennsløype(det gror godt så vi treng mange til dette)
  • Vedlikehald av grøfter i langrennsløypa
  • Vedlikehald av skitrekket
  • Vedlikehald og fornying av lysanlegg
  • Rydding ute og inne i trekkbua og skihytta

Veit du om spesielle oppgåver som bør gjerast ut over dette  – gi meg ei melding!

 Ta med:

  • Matpakke og drikke. (Vi samlast for mat ved Kleppahytta kl. 12.30)
  • Ryddesager, motorsager og handsager (vedsager og greinsager). NB! Hugs verneutstyr
  • Stigar (til kvisting graner)
  • Hanskar, hørselsvern
  • Arbeidslyst og godt humør!

 SYRIL held miljøbensin til motorsag/ryddesag.

Vi treng mange ryddesager og 2-3 motorsager kvar dugnadsdag. Den som brukar eiga motorsag/ryddesag får den reparert for inntil kr. 1000,- om den havarerer under bruk på Kleppa.

For å ha kontroll på kapasitet/utstyr, ber vi alle gi melding om kva dag (ar) du kjem, og kva utstyr du tek med! Send melding til gunnar.soderholm@vegvesen.no  

Vel møtt!

For Skigruppa, Gunnar Søderholm

Bytedag av treningsklede, innesko og utstyr 19. oktober i Saften

Har du mykje treningsklede som er for lite, for stort eller rett og slett ikkje blir brukt? Eller kanskje treningsutstyr som knebeskyttarar og ballar du ikkje brukar? I veka før kampdagen laurdag 19. oktober kan du levere inn klede, innesko og utstyr som skal bytast vekk. Det er sett fram tre kassar/sekker ein kan legge det ned i – ein for klede, ein for innesko og ein for utstyr. Alt må vera vaska/reint. Kassane/sekkane finn de i gangarealet i 3.etasje i Saften.

Laurdag 19. oktober, kl 13-15 kan du kome att og sjå om det er plagg/sko/utstyr du har behov for. Alt er gratis, men dersom du ynskjer kan du betale 10 kr pr plagg du tek med deg heim. All inntekt går til Rosa sløyfe-arrangementet.

OBS: Du treng ikkje levere inn noko for å finne nytt, men då set vi ekstra pris på nokre kroner som går til Rosa sløyfe-arrangementet. 🙂

Det som blir att, blir gitt vekk til Freetex.

Velkomne!! 🙂

Start på handballsesongen!

Denne helga startar handballsesongen for fullt og Syril har fleire aldersbesemte lag som skal i aksjon.

Laurdag spelar J10 kampar i Saften:
12.00: Syril2 – Syril3
12.45: Syril – Jotun
14.30: Syril3 – Jotun
15.15: Syril – Syril 2

J 12 reiser til Vik og møter både Sogndal 1 og Sogndal 2 i Blixhalli.
G 12 spelar kamp mot Aurland i Sogndalshallen.

Også på søndag vert det spelt handball i Saften, der lag frå Førde, Stryn og Haugen/Eid i tillegg til Syril sitt G14 lag skal møtast. Kampane startar 12.00.
12.00: Førde – Stryn
14.00: Førde – Haugen/Eid1
15.00: Stryn – Syril
17.10: Syril – Førde

G10 laget vårt tek turen til Fjaler der dei skal spele mot Førde og Dale.

Me ønskjer alle laga lukke til med kampane sine!
Møt opp i Saften og hei fram unge og ivrige handballspelarar. Heia Syril!

Syril fotball og Fair Play

Syril fotball ynskjer å minne medlemmar av klubben om Fair Play.

Fotballen sine verdiar gjeld alle, uansett om me er spelar, trenar, tilskodar eller anna knytta til fotballen.

Fotballen sine verdiar er tryggleik, glede, respekt, likeverd og folkelighet. All fotballaktivitet skal skje innanfor trygge rammer, glede skal prege alle aktivitetar, alle er like mykje verdt og me skal vere opne, tydelege og inkluderande.

Fair Play handlar om korleis me oppføre oss mot kvarandre, både på og utanfor bana.

Fair Play handlar om respekt for andre. Me skal respektere medspelarar, motspelarar, dommarar, trenarar, lagleiarar, foreldre med meir, sjølv om ein av og til er usamd. Usemje tek me opp i egna forum utanfor bana.

Syril fotball forventar at alle, uansett rolle og alder, utøver god Fair Play på alle våre arrangement, samt på arrangement me deltar på hjå andre klubbar.

Det vart høg temperatur på seniorkampen mot Kaupanger på laurdag. Engasjement er bra, men i dette tilfelle vart det i overkant i einskilde høve. Me vil at bana skal vera ein god møteplass og triveleg for alle, og at publikum er med å lage ein god stemning. Hugs at me som er vaksne er rollemodellar for ungane og ungdommane!

Me vil alle at det skal vera kjekt å vere i og rundt fotballmiljøet i Syril.

Fair play logo

Fotball-laurdag på Syril stadion

Laurdag 24.august arrangerar Syril fotball-laurdag. Det er sett opp fire kampar denne dagen. Klokka 11.30 skal G11 spele kamp mot Kaupanger, og J10 skal møte Sogndal. Klokka 13.00 er det klart for ny kamp. Då møter G 13/14 Vik, før dagen vert avslutta med kamp mellom Syril og Kaupanger i kretsligaen klokka 15.30. Det er open kiosk, grilling og god stemning. Møt opp for ein fotballrik dag på Syril stadion med mykje god fotball og mykje godt i kiosken.

I pausen på herrekampen mellom Syril og Kaupanger vert det markering av bronsejentene frå Norway Cup.

syril fotballdag

Syrstrond Idrettslag