Valnemnda treng hjelp

Valnemnda si oppgåve er å finne frivillige som kan ta på seg ulike oppgåver i Syril for 2020. Mange tek attval, men nokon må erstattast. Valnemnda har jobba aktivt med å rekruttera, men lista over moglege kandidatar er no tom. Vi treng di hjelp til å finne personar som er villig til å ta på seg ei av desse rollene i Syril:

  1. Leiar for friidrettgruppa
  2. Leiar for skigruppa
  3. Leiar for barnegruppa
  4. Medlem i styret til Skihytta

Leiar er ei nøkkelrolle. Syril ønskjer å tilby eit variert tilbod. For å få det til er vi avhengig av at nokon vil ta på seg verv som leiar.

  • Kan du tenkje deg å ta ei av utfordringane/rollane over?

Ein av revisorane gir seg, men den andre blir med vidare slik at kontinuiteten blir ivareteken.

  •  Har du lyst til å vere med å revidere rekneskapen til Syril?

Meld deg til teneste eller send framlegg på kandidatar til arild@bjrk.no, telefon 95206049.

Juleturnering i volleyball

vballNoter deg laurdag 28. desember og få med familie/vener/naboar og få deg litt trim i romjula.

  • Tidspunkt: 10.00-15.00
  • Påmeldingsfrist 25.12
  • Påmeldingsavgift: 300 kroner.
    Betal på vipps turneringsdagen
  • Påmelding til e-post: chris-kl@frisurf.no

Om du ikkje har eit lag du har avtalt å vera på, kan du melde deg på, so lagar me eit ekstra lag eller to.

Eitt lag må bestå av minimum 6 personar. Laget må ha minst to deltakarar av begge kjønn.

 

Klepparennet 2020 – SSFcup

18 januar 2020, kl. 13
Stad: Kleppa på Leikanger
Stilart: Fristil (intervallstart)

Klasse Distanse
G og J under 10 år 1 km
G og J 11-12 år 2 km
G og J 13-14 år 3 km
G og J 15-16 år 5 km
K 17 og eldre 5 km
M 17 og eldre 10 km

Innkreving av vanleg deltakaravgift vert sendt klubbane etter rennet.

Start etter alder, dei yngste først.
Arrangøren og skikrinsen viser til at rennet er fluorfritt t.o.m. 16 år.

Garderobe tilgjengeleg, kiosk

Premieutdeling rett etter rennet.

Påmelding: http://www.skiforbundet.no/sogn-og-fjordane
eller til: nmslinde@frisurf.no

Frist for påmelding: 16. januar
www.syril.no

Velkomen til ein fin skidag på Kleppa!

Informasjon om skirenn i fylket: https://www.skiforbundet.no/sogn-og-fjordane/

Invitasjon i PDF

Syrstrond Idrettslag