Havrane frå Geitadalen

Å gå frå Geitadalen om Tuftahaug til Havrane er eit lettare alterantiv enn frå Kvålen om Fadnastølen. Turen er på ca. 2 kilometer og det er ikkje mange høgdemeterane som skal forserast. På våren kan det vere litt vått i eller like etter snøsmeltinga. Stien vi bli merka opp att, men her er to videoar som tek deg fram til og tilbake frå Havrane. Du finn dei også på Trim-sida.

Alle trimpostane er no klare!

Trimposten på Nyanstøl (765 moh) i Kvinnedalen er komen på plass.

Kortaste alternativet er å parkere nær Eitorn og gå opp til klyngetunet Eitun før du følgjer stien opp og vestover, i retning Dalakleiv, Kvinna og Skoparsete. Like over husmannsplassen Trodlahaugen står det skilt. Lenke til tidspunkt i videoen Skjer-Skoparsete-Eitorn som viser skiltet og turen ned til Eitorn. Ved skiltet tek du av til Myrsete. Mellom skiltet og Myrsete har du den kraftigaste stigninga. Frå Myrsete held du fram nordover, i slakare terreng, inn Kvinnedalen, forbi Kluke, til du kjem til Nyanstøl.

Dersom du må parkere ute på ferjekaien, følg vegen mot Leikanger i ca 500 meter. Gå av ved starten av turen til Vassvarden og følg kjerrevegen opp til Vesterheim. Frå skulehuset held du fram austover, forbi Vesterheim, i retning klyngetunet Eitun. Like før Eitun følgjer du stien oppover mot elva Kvinna, som nemnt over.

Det er fleire flotte utsiktspunkt på turen og mange høgdemeter som gir god trim. Er du først på Nyanstøl, kan du like godt ta til venstre/vest og gå opp lia, nesten 300 høgdemeter, til Vassvarden for å sikre deg to klipp på ein tur.

Video frå turen kjem seinare i år.

Seriestart fotball

Neste veke startar seriekampane for barne- og ungdomsfotballen. Det er per no kun opna for seriekampar for klubbar innad i same kommune. For Syril vil det sei at det vert litt kampaktivitet framover for laga våre, då me har ein del motstandarar innanfor kommunen vår. Det er kjekt at fotballen no kjem i gang med litt kampaktivitet. Og så håpar me at det snart opnar for kampar på tvers av kommunane og.

Heimekampane til Syril finn de her: https://syril.no/ball/fotball/kamp/

Samarbeid mellom Syril handball og Førde handball

Det er med glede at me kan informere om at Syril handball har inngått samarbeid med Førde handball. Førde har eit damelag som dei siste åra har lege i 1. og 2.divisjon. Dei tek no eit tydeleg ansvar ifht å bygge kultur, sikre rekruttering, samt jobbe for å heve nivået på handballen i området. For vår del kan samarbeidet inneholde m.a. dette:

  • Økter i eigen klubb leia av trenarar frå Førde (Øyvind Vraalsen og Ole Kristian Gjerstad + målvaktstrenar). Trenarrettleiing.
  • Felles økter/samlingar for ulike årsklasser
  • Hospitering (og evt spel) på senior damer for dei spelararar som møter kriterier
  • Gi dei beste eit utvida tilbod utan å ta dei ut av eigne grupper.

Førde sine tankar:

Med dette samarbeidet håpar me i Syril handball på å kunne gi både spelarar og trenarar eit løft, og me gledar oss til å legge gode planar ilag med Førde handball.

Turpostane 2021

20 postar som inngår i turpostkortet

  1. Bjørgahaug
  2. Våkeldahaug
  3. Fadnastølen
  4. Havravatni  
  5. Skagasete 
  6. Lusaskard
  7. Sumhaug
  8. Dalhjella
  9. Fivelhola
  10. Kjeringafjellet
  11. Høgehaug
  12. Stokksete
  13. Rjupeskar
  14. Smørkletten
  15. Holestølen
  16. Hest
  17. Hedlesetnipa
  18. Mælen
  19. Nyanstøl (ved elva Kvinna i Kvinnadalen, aust og nedom for Vassvarden)
  20. Vassvarden

Andre turpostar med klippetenger for Trim 30-kortet

  • Tuftahaug
  • Friksdal
  • Raumålsgrinda
  • Lauparfjellet
  • Sevi

Turpostar utan klippetenger

  • Under Kleppa
  • Skopasete
  • Hangsete
  • Dalsete i Huksdalen

Kart over turpostane (med tenger)

Raud og gul stjerne = Dei 20 ordinære turpostane
Blå og gul stjerne = Ekstra trim med tang

Lenke til Trim-sida

Syrstrond Idrettslag