Alle trimpostane er no klare!

Trimposten på Nyanstøl (765 moh) i Kvinnedalen er komen på plass.

Kortaste alternativet er å parkere nær Eitorn og gå opp til klyngetunet Eitun før du følgjer stien opp og vestover, i retning Dalakleiv, Kvinna og Skoparsete. Like over husmannsplassen Trodlahaugen står det skilt. Lenke til tidspunkt i videoen Skjer-Skoparsete-Eitorn som viser skiltet og turen ned til Eitorn. Ved skiltet tek du av til Myrsete. Mellom skiltet og Myrsete har du den kraftigaste stigninga. Frå Myrsete held du fram nordover, i slakare terreng, inn Kvinnedalen, forbi Kluke, til du kjem til Nyanstøl.

Dersom du må parkere ute på ferjekaien, følg vegen mot Leikanger i ca 500 meter. Gå av ved starten av turen til Vassvarden og følg kjerrevegen opp til Vesterheim. Frå skulehuset held du fram austover, forbi Vesterheim, i retning klyngetunet Eitun. Like før Eitun følgjer du stien oppover mot elva Kvinna, som nemnt over.

Det er fleire flotte utsiktspunkt på turen og mange høgdemeter som gir god trim. Er du først på Nyanstøl, kan du like godt ta til venstre/vest og gå opp lia, nesten 300 høgdemeter, til Vassvarden for å sikre deg to klipp på ein tur.

Video frå turen kjem seinare i år.