Start i Persgjerdet i Eitorn. Gå opp til Eitun og vidare til Myrsete, før du held fram nordover, inn Kvinnedalen. Rekn med ca 2 timar på turen.
Kategoriarkiv: Trim
Havrane frå Geitadalen
Å gå frå Geitadalen om Tuftahaug til Havrane er eit lettare alterantiv enn frå Kvålen om Fadnastølen. Turen er på ca. 2 kilometer og det er ikkje mange høgdemeterane som skal forserast. På våren kan det vere litt vått i eller like etter snøsmeltinga. Stien vi bli merka opp att, men her er to videoar som tek deg fram til og tilbake frå Havrane. Du finn dei også på Trim-sida.
Alle trimpostane er no klare!
Trimposten på Nyanstøl (765 moh) i Kvinnedalen er komen på plass.
Kortaste alternativet er å parkere nær Eitorn og gå opp til klyngetunet Eitun før du følgjer stien opp og vestover, i retning Dalakleiv, Kvinna og Skoparsete. Like over husmannsplassen Trodlahaugen står det skilt. Lenke til tidspunkt i videoen Skjer-Skoparsete-Eitorn som viser skiltet og turen ned til Eitorn. Ved skiltet tek du av til Myrsete. Mellom skiltet og Myrsete har du den kraftigaste stigninga. Frå Myrsete held du fram nordover, i slakare terreng, inn Kvinnedalen, forbi Kluke, til du kjem til Nyanstøl.
Dersom du må parkere ute på ferjekaien, følg vegen mot Leikanger i ca 500 meter. Gå av ved starten av turen til Vassvarden og følg kjerrevegen opp til Vesterheim. Frå skulehuset held du fram austover, forbi Vesterheim, i retning klyngetunet Eitun. Like før Eitun følgjer du stien oppover mot elva Kvinna, som nemnt over.
Det er fleire flotte utsiktspunkt på turen og mange høgdemeter som gir god trim. Er du først på Nyanstøl, kan du like godt ta til venstre/vest og gå opp lia, nesten 300 høgdemeter, til Vassvarden for å sikre deg to klipp på ein tur.
Video frå turen kjem seinare i år.




Ny post på Havrane klar!
Turpostane 2021
20 postar som inngår i turpostkortet
- Bjørgahaug
- Våkeldahaug
- Fadnastølen
- Havravatni
- Skagasete
- Lusaskard
- Sumhaug
- Dalhjella
- Fivelhola
- Kjeringafjellet
- Høgehaug
- Stokksete
- Rjupeskar
- Smørkletten
- Holestølen
- Hest
- Hedlesetnipa
- Mælen
- Nyanstøl (ved elva Kvinna i Kvinnadalen, aust og nedom for Vassvarden)
- Vassvarden
Andre turpostar med klippetenger for Trim 30-kortet
- Tuftahaug
- Friksdal
- Raumålsgrinda
- Lauparfjellet
- Sevi
Turpostar utan klippetenger
- Under Kleppa
- Skopasete
- Hangsete
- Dalsete i Huksdalen
Kart over turpostane (med tenger)
Raud og gul stjerne = Dei 20 ordinære turpostane
Blå og gul stjerne = Ekstra trim med tang

Trekning Syril Trim 2020
Det har vore ein fantastisk sesong med stor auke i tal selde trimkort, og ikkje minst innleverte trimkort etter endt sesong. Det gjeld både Trim 30 og for dei som tek alle turpostane.
Ekstra gledeleg er at så mange barn/unge har fullført i år. Stor applaus til både barn og foreldre! Vi veit at det krevst både tid og krefter for å kome i mål med så mange turar. Vi gratulerer alle med innsatsen, og håpar at mange av dykk vil vere med neste år!
Premiane er gåvekort à kr 1.000 for turpostane og kr 500 for Trim 30. Ei stor takk til Erling Røysum AS og Små livgleder for delsponsing av premiane, noko som gjer at vinnarsjansen blir større. Dei gjer det òg enklare for oss i samband med sal og innlevering av trimkort.
Vi vil og takk dei to andre sponsorane våre, Sogn Røyr og Byggmeister Langeteig & Volldal AS, som støttar aktiviteten vår.
Vinnarar av turposttrimmen og gåvekort à kr 1.000:
- Guro Marie Bruteig Bøyum
- Bjørnar Eggum
- Rune Kjørlaug
- Linda Grebstad Grinde
- Borgtor Bøyum
- Vilde Rød Knudsen
- Johannes Hamre
- Trude Risnes
- Anne Liv Mæland Røysum
- Rolf Almås
- Ingrid Fredheim
- Sigrun Orrestad
- Irene Nornes
- Rita Steig
- Kari Kitty Stadheim
Vinnarar av Trim 30 og gåvekort à kr 500:
- Jonas Hagenlund Steig
- Tellef Gjerde Wilson
- Eline Dimmen Henjum
- Olav Føleide Skinlo
- Tiril Myren Sæterbø
- Borgny Kristine Brekke Steig
- Isak Hamre
- Siri R. Heggenes
- Inger Kristine Nes Henjum
- Randi Fikerud Njøs
- Marie Bremer Remø
- Eivind Yttri
- Kjell Remø
- Turid Måseide
- Ingrid Amundsen
- Birte A. Røysum
- Espen Sæterbø
- Helga Maj Myren
- Lise Olsmo Oen
Innlevering av trimkort
Vi håpar at de har hatt mange flotte trimturar i løpet av sesongen
.
Frist for innlevering av trimkort er 1. november.
De kan levere inn kort hjå:
- Erling Røysum AS
- Små livsgleder på Saften eller til
- Torill Felde (tlf. 97140861).

Raudmerka til Sumhaug
Stien frå Geitadalen, inn Hottadalen, framover Seltuftebotnen, under Geitenipene og forbi Skitbrekkene og Kalvavatnet har fått raud merke. Det meste av klopper, i dei våtaste partia, har grunneigarane lagt på plass til månadsskiftet. Du kjem ut på stien til Sumhaug i underkant av Fjærlandssete. Å gå via Hottadalen er noko kortare enn Kløvjavegen (til Fjærlandssete) og byr på mindre skog og betre utsikt. Prisen er at du må ta litt meir stigning den første tredjedelen før du skråar nedover mot Kalvavatnet.
Stien vidare til Sumhaug er no raudmerka heilt fram til posten. På turen skal du passere mellom Kringlevatnet og Fjærlandssetevatnet. Litt før Steintjern og området overfor Sumhaug, er det store steinar å gå på over vatn. Du slepp å gå rundt heile Steintjern-området.
Etter at du har passert Steintjern, snur du nasen nordover og endar opp ved utløpet av Fjærlandssetevatnet. Vil du over til Sumhaug, er de berre å stige frå stein til stein og gå bort til stølsbøen. God tur!
Her er nokre bilete frå 1. august 2020:





Sumhaug frå Geitadalen
Trim-sida er oppdatert med videoar som viser korleis du kjem deg frå enden av vegen i Njøsadalen via Hottadalen til Sumhaug. Litt meir informasjon om turen finn du her.
To nye stiar til Høgehaug er merka
No er det merka opp sti frå Hamrestølen og frå Kleppa, til Høgehaug. Desse er merka i raudt.
Frå Hamrestølen går ein øverste stien mot Kleppa i nokre hundre meter. Ikkje langt etter at ein kryssar ei lita gro, så kjem den merka stien til syne på høgre side. Denne går til Høgehaug.
Likeeins er stien frå gamle skihytta på Kleppa merka i raudt. Her går ein fyrst etter den nederste stien mot Hamrestølen/Eggja, men like ved gamle skihytta så ser ein stien oppi skogholtet til høgre. Denne held fram til den møter stien som kjem frå andre retningen, frå Hamrestølen.
Dette blir då i tillegg til den meir kjende stien som går frå Kleppa via Liaskard, som også har skilting til Høgehaug.


