Kategoriarkiv: Trim

Vassvarden – ny start

VV-ny-start-2018-01Starten på turen til Vassvarden er flytta 500 meter frå ferjekaien på Hella, i retning Leikanger. Inntil vidare parkerer ein på Hella.

Skilt er sett opp i hagen like etter det siste det siste huset, på oppsida av vegen, før du kjem til Hella. Skilta leier deg inn på ein gamal kjerreveg som går opp til garden Vesterheim. Etter ca 100 meter kjem du til ei hjortegrind. Pass på å lukke ho etter deg.

Kjerrevegen går sikksakk opp lia. Omtrent halvveges kan du stikke ut på svaberga og få med deg utsikt over fjorden og ferjetrafikken. Oppe på Vesterheim passerer du like under det gamle skulehuset. Etter vel 50 meter i retning garden Vesterheim, kjem du til eit nytt skilt som peikar deg i retning av stien opp til Rud.

Til slutt eit bilete av ryddegjengen. Hardt arbeid utan maskinelle hjelpemiddel som følgje av det tørre, flotte veret vi har hatt i lengre tid:
VV-ny-start-ryddegjengen
Stein Dyngen står bak kamera. Per Olav Henjum såg seg rundt på Vesterheim og var ikkje med på bilete.

Vassvarden – ei oppdatering

2018-05-29
Med hjelp av Odd Arve Rakstad og co satsar ein i første omgang på å rydde og merke den gamle kjerrevegen/stien frå Sanden opp til Vesterheim. På Vesterheim kan du velje om du vil gå etter merka sti opp til Ruud eller tilbake til Flete. Som du ser av kartet vil det siste bli ein omveg når ein skal opp på Vassvarden.

Planen er at det blir ein ryddeaksjon på måndag 4.6.2018 kl 16:00. Ein del mann med 4 motorsager har allereie meldt seg. Ein reknar med at jobben er gjort i løpet av kvelden. Vil du hjelpe til er det berre å ta kontakt på trim@syril.no.

Vassvarden på pause inntil vidare

Hella-VassvardenGrunneigar på Hella var i kontakt med meg og gav beskjed om at han ikkje ville ha turgåarar på privatvegen eller gjennom eigedomen sin lenger. Det lyt vi berre respektere.

Syril trim vil:

  • vurdere om det er mogleg å finne ein alternativ start i nærleiken, eller
  • ta ned og flytte posten til ein anna stad.

Med mindre du går opp frå andre stadar, ikkje ta turen til Vassvarden inntil vidare.

Trimkorta 2018 er i sal

No er vårvarmen på veg og Syril Trim er klar med ein ny sesong. Klyppekorta kan kjøpast hjå Små Livsgleder og Erling Røysum AS. Betal kontant eller med Vipps til 88235 med teksten «Trim», og du får utlevert kort:

  • Kort med alle 20 hovudpostane til kr 100.
  • Kort for 30 klypp (Trim 30) for dei som vil gå på nokre postar, fleire gonger til kr 50.

Korta kan kombinerast. Har du begge korta med deg rundt på dei 20 hovudpostane, treng du berre 10 ekstra klypp/turar for å få fullt Trim 30-kort.

I 2017 la vi ut 5 ekstra klyppetenger. Desse er plassert slik at dei med Trim 30-kortet får fleire korte turar å velje mellom. I tillegg til hovudpostane, kan ein med Trim 30-kortet klyppe her:

  1. Skoparsete (Ny i år. Klyppetang kjem på plass om litt)
  2. Hangsete
  3. Tuftahaug
  4. Raumålsgrindi
  5. Friksdal (Det kan vere lurt å sykle til Flya.)

Som tidlegare år blir det trekning av premiar på innleverte kort sesongen er avslutta. Salet av kort – kostnaden for korta går til premiar. Før innlevering hugs å skrive namn og tlf.nr på baksida av kortet.

Trim 30 junior: Det blir eigen trekning for barn fødd i 2003 og seinare blant Trim 30-kort med minimum 20 klypp. Hugs å skrive fødselsåret til barnet i tillegg til namn og tlf.nr på baksida av kortet.

Turpost 2018
Foto: Kari Kitty Stadheim
Trim 30 2018
Foto: Vilde Rød Knudsen

 

Trekning Syril Trim

I kveld var det trekning for dei som har delteke og fullført Syril sitt turpostprogram og Trim 30. Premiane i år er gåvekort à kr 1.000 for turpostane og kr 500 for Trim 30. Ei stor takk til Erling Røysum AS og Små livgleder for delsponsing av premiane som gjer at vinnarsjansen blir enda høgare.

Erling Roysum Små livsgleder

Vinnarar av turpost 2017 og gåvekort à kr 1.000:

  1. Rita Steig *
  2. Ingrid Rishovd
  3. Anne Liv Røysum
  4. Kjell Remø
  5. Steinar Fredheim
  6. Linda Grepstad Grinde
  7. Lena Steig
  8. Randi Fikerud Njøs
  9. Hildegunn Høgheim
  10. Ida Bjørk
  11. Ove Andre Slinde
  12. Marie Bremer Remø *
  13. Per Olav Henjum

Vinnarar av Trim 30 og gåvekort à kr 500:

  1. Elisabeth Bernhardsen
  2. Arvid Mellingen
  3. Per Olav Henjum
  4. Linda Føleide Skinlo
  5. Johannes Hamre
  6. Per Høgheim
  7. Heidi Askestad
  8. Torill Felde
  9. Roar Vangsnes *
  10. Bente Olsmo Høgheim *

Vinnarar av Trim 30 (barn) og gåvekort à kr 500:

  1. Vegard Olsmo Oen
  2. Anna Felde Hasund

*) Gåvekort frå Små livsgleder

Premiar er på veg ut til dei heldige vinnarane!

PS! Bli med neste år du òg. Vinnarsjansen er laaaaangt høgare enn for tipping og Lotto.

 

Topp trimsesong

fivelholaSyril Trim flytta om på eit par postar i høve 2016 og introduserte Hest (1360 moh). Lista for 2017 vart lagt noko høgare. Ikkje uventa, med to lange postar som Kjeringafjell (1314 moh) og Hest på programmet, sokk salet av korta med alle 20 postane.  På den andre sida har salet av Trim 30-korta auka markant. Samla sett passerer vi fjorårets tal på selde trimkort.

Mange har teke turen ut i naturen i Leikanger og mange har valt å dele opplevinga på Facebook-gruppa til Syril Trim. Hald fram med å dele turopplevingar både vinter, vår, sommar og haust! Ikkje gløym å levere nokre av dine bilete til Syril Trim. Kanskje vil ditt bilete pryde eit av korta for sesongen 2018.

Alt vi får inn på sal av trimkort minus kostnaden til korta går til premiar. Både Erling Røysum AS og Små Livsgleder er i år med på «å strekkje pengane» lenger ved å delsponse gåvekorta. Med fleire premiar aukar sjansen for at du blir ein vinnar!

Bruk haustdagane i slutten av oktober og byrjinga av november til å fullføre kort, men hugs for all del å levere inn kort hjå Erling Røysum AS eller Små Livsgleder. Vi hentar  innleverte kort i midten av november.

Erling RoysumSmå livsgleder

Bilete ditt på trimkort i 2018?

Mange flotte bilete vert posta på Facebook-gruppa til Syril Trim. Vi er på jakt etter bilete til trimkorta for 2018 og treng di hjelp. Sit du med eit blinkskot du meiner kan pryde ein av kortypane neste år?

NB! Pass på at bileta du lastar opp, sender eller deler er i full storleik.