Kategoriarkiv: Ski

Gode Syril resultat KM langrenn

Alle syril sine løparar kom vidare frå prologen til sprintfinalane i KM på Langeland. I finalane kom

  • Edvard Grut Andersen på 1. plass,
  • Erlend Henjesand på 2. plass,
  • Sverre L Røyseth på 3 plass, og både
  • Klaus Mjelstad, Marte L Røyseth, Andreas Mjelstad og Trygve Brendehaug på 4. plass i sine finalar.

Erlend og Klaus fekk også flotte 3. plassar i friteknikk, medan Edvard viste at han kjem til å hevde seg godt i seniorklassen neste år. Alle resultat finn du her: http://www.fordelangrenn.no/

 

Skikarusell på Kleppa 2016

Skikarusellen på Kleppa startar 23. januar. Det er planlagt 6 renn i løpet av vinteren:

  1. Laurdag 23.januar kl. 13-14
  2. Laurdag 30. januar kl. 13-14
  3. Søndag 7.februar, Klepparennet
    Tidspunkt ikkje avklara.
  4. Laurdag 27. februar kl. 13-14
  5. Laurdag 5.mars kl. 13-14
  6. Laurdag 12.mars kl. 13-14
    Premieutdeling/sesongavslutning kl. 14.30.

Deltakarane møter til start ved skihytta på Kleppa mellom dei oppgitte klokkesletta. Det kan bli aktuelt med ski-instruksjon ein eller fleire gonger i samband med skikarusellen, datoar for dette kjem vi tilbake til.

Skikarusellen er eit tilbod til born til og med 4. klasse. Startnummer, som gjeld alle karusellane, kostar 100 kroner og vert seld i skihytta når det er karusellrenn. Det er gratis å vere med for dei som har Kleppakort. Startnummeret skal brukast på alle renna, og leverast inn etter siste rennet.

Fjellturar
Inntil to fjellturar til Øvstestølen kan telje med i karusellen. Det er lagt ut bok i varmebua. Vi tel med registreringar frå boka vart lagt ut og fram til og med 6. mars.

Premiering
Det blir gitt eitt poeng pr. karusellrenn/fjelltur. Det vert premiering for alle med 4 poeng eller meir. Premieutdeling laurdag 12. mars.

Distansemerke: Det vert lagt ut foldarar for distansemerke på Skihytta. Evt. kjøp av distansemerke må den enkelte familie syte for sjølv.

Skikarusell 2016

Veldig gode resultat i Steinkjer

Syril har hatt 3 karer med i Norgescup Jr Langrenn på Steinkjer i helga. Etter en litt trå start på fredag, vart det levert veldig gode resultater på lørdag og søndag. Alle tre leverte sine beste resultater i Norgescupen (for to var det også første NC-renn)

På lørdag var det klassisk sprint og der kvalifiserte Erlend Henjesand seg for kvartfinalene og ble nr 4 i sitt heat. Ikke nok til å videre til semifinale, men ga en meget solid 19. plass av 199 i M17år.

Andreas Mjelstad leverte også en meget god sprint i samme klasse. Etter en trøblete treningshøst og ble han nr 75 av 199 startende. Han var også 3.beste løper fra Sogn og Fjordane.

Søndag var det eldstemann Edvard Grut Andersen, som virkelig leverte varene på 15km fri. Han ble nr 20 av 160 fullførte løpere i M19/20år. Edvards beste resultat i NC så langt.

Erlend leverte også et solid løp på 7,5km fri i M17år. Han vart til slutt nr 40 av 192 startende.

Alt i alt har gutta all grunn til å være fornøyde med ei kald skihelg i Trøndelag.

Flotte forhold på Kleppa og oppover

Over Damefall
Foto: Kari Kitty Stadheim

Trakkemaskina var ute tidleg 26.12 og køyrde opp løyper på Kleppa, Øvstestølen og opp til Kalbakk. Fleire rapportar om glimrande forhold  på Øvstestølen og godt med snø oppi.

Det berre å finne fram bortover- eller toppturskia og kome seg ut før mildveret set inn. Det kan bli noko vindigt dei komande dagane. Hugs tilstrekkeleg med klede og gjerne noko varmt i termosen.

PS! Det er ikkje nok snø i slalombakken. Trekket går ikkje.