Stikkordarkiv: Skitur

Alternativ til Kleppa i vinterferien

I Njøsadalen er det merka løype og køyrt med snøskuter frå benken, øvst i Geitadalen, nær Tuftahaug, til Fjærlandssete.

Om du har høg bil er det mogleg å kome til der tømmerbilane snudde i Huksdalen. Derifrå er det køyrt med beltevogn og snøskutarar fram til Stavsete.

Flotte forhold på Kleppa og oppover

Over Damefall
Foto: Kari Kitty Stadheim

Trakkemaskina var ute tidleg 26.12 og køyrde opp løyper på Kleppa, Øvstestølen og opp til Kalbakk. Fleire rapportar om glimrande forhold  på Øvstestølen og godt med snø oppi.

Det berre å finne fram bortover- eller toppturskia og kome seg ut før mildveret set inn. Det kan bli noko vindigt dei komande dagane. Hugs tilstrekkeleg med klede og gjerne noko varmt i termosen.

PS! Det er ikkje nok snø i slalombakken. Trekket går ikkje.