
Trakkemaskina var ute tidleg 26.12 og køyrde opp løyper på Kleppa, Øvstestølen og opp til Kalbakk. Fleire rapportar om glimrande forhold på Øvstestølen og godt med snø oppi.
Det berre å finne fram bortover- eller toppturskia og kome seg ut før mildveret set inn. Det kan bli noko vindigt dei komande dagane. Hugs tilstrekkeleg med klede og gjerne noko varmt i termosen.
PS! Det er ikkje nok snø i slalombakken. Trekket går ikkje.