Telemark


Kontaktpersonar

Gruppeleiar
Egil Johannes Vangsnes, Syril telemark, MOB 97713857,  epost: egiljv@hotmail.com

Stavsete skifest 2023

Fyrste helga etter påske arrangerer me Stavsete skifest, saman med Lurkalaget.

Det vert skileik, skredworkshop, konkurransar og guida topptur med base midt i Leikanger sitt vintereldorado. Set av helga.

HUKSDALEN/STAVSETE:
Køyr frå Leikanger mot Hella på Rv13. Ta av riksvegen ved skiltet til Eggum. Følg skogsvegen inn Huksdalen, forbi porten og ca. 5 km inn til parkeringa. Det er ca. 30 minutters gange på ski fram til campområdet ved Stavsete.

PROGRAM LØRDAG:
Topptur
Sognefjordrennet
Grilling med gratis mat
Dunjakkedisko
Lavvocamp

PROGRAM SØNDAG
Topptur
Skredworkshop
Jibbing/skileik

Huksdalen byr på turar av ulik lengde og seriøsitesgrad. Panormatur, eller bratte sider? Arrangør vil bistå med tips til tur og føring.

OVERNATTING:
Det vert lagt opp til overnatting på Stavsete. Arrangøren stiller med grill/bål og enkel grillmat. På kvelden dreg me i gang dunjakkedisko!
Ta med telt, liggeunderlag, sovepose og varme kleder!

For oppdatert informasjon, følg med på facebook-event: Stavsete skifest 2023

Historie

I 1981 reiste ein systrending til USA. Han kom att med telemarksvingen.
Systrendingane heima likte svingen godt, og det vaks fram eit sterkt telemarkmiljø på Leikanger utover 1980-talet.

  • Det fyrste rennet i klubben sin regi vart arrangert på Sognefjellet i påsken i 1985, med kvistar frå påskeløypa som staur.Det fyrste rennet i Sogn vart arrangert i 1987, i Hodlekve i Sogndal, av Syril telemark.
  • Syril telemark arrangerte NC i telemark i både 1990 og 1992. Begge renna i Hodlekve.
  • Syril telemark søkte Sogn og Fjordane skikrins om å få vera med der, til liks med andre greiner på 1980-talet.
  • Syril telemark tok initiativ til kretslag i telemark kring 1990.
  • Syril telemark tok initiativ til Åsnes-cup, som fylkesdekkande cup kring 1990
  • Syril telemark tok initiativ til Tinderittet i 1991, og arrangerte saman med Turtagrø og IL Fanaråk det fyrste Tinderittet i 1992.
  • Syril telemark tok initiativ til Kjeringi Open i 1992, og har utvikla og drive Kjeringi Open etterpå.
  • Tinderittet og Kjeringi Open overtok som renn i Sogn, og bakketelemark var lagt på hylla i Sogn.
  • Syril telemark starta eit nytt renn i 2005, i Systsrondsfjelli. Det vart Sognefjordrennet, etter den flotte utsikten.
  • I 2008 arrangert Syril telemark NC fjelltelemark i samband med Sognefjordrennet.
  • I 2010 arrangert Syril NM fjelltelemark. Sjå eiga nettside.
  • I 2011 arrangert Syril telemark Sognefjordrennet i gamal kjent stil. Dette året med nyhogd krossløype. Sjå nettside.
  • I 2012 var ressursar fra Syril telemark ansvarlege for regionprosjektet i Sogn, undet skikretsen og NSF.

Syrstrond Idrettslag

%d bloggarar likar dette: