Olaug har skitrening torsdag 17. desember kl. 18 på Kleppa for ungar i 4-6. klasse. Sjekk at ungane har lange nok stavar.
Fint om foreldre er med denne første gongen.
Olaug har skitrening torsdag 17. desember kl. 18 på Kleppa for ungar i 4-6. klasse. Sjekk at ungane har lange nok stavar.
Fint om foreldre er med denne første gongen.
Syril har til sals nokre luer og panneband med Syril-logo (kr. 200) samt to vestar (kr. 700).
Kontakt Torunn Grut: torunn.grut@sfj.no, 917 40 637
Vinteren har kome på Kleppa. Langrennsgruppa har skitrening kvar tysdag og torsdag kl. 18.30 på Kleppa (om ikkje anna melding er gitt) for aldersgruppa 12-17 år. Vi delar i grupper avhengig av skierfaring. Alle er velkomen! Følg med på oppdatering på https://www.facebook.com/syril.no/
Første helga i desember reiste langrennsgruppa i Syril til Hemsedal, heimplassen til hovudtrenaren vår Simen Bækken, for å førebu sesongen. Andreas og Klaus, Erlend, Sverre og Trygve nytta både skøyteskia og dei klassiske skia i dei preparerte langrennsløypane på Gravset. Laurdagen fekk Sverre og Trygve testa forma i sesongen første skirenn, men smøreteamet var ikkje heilt førebudd. Glida var ikkje det beste, men feste var godt på det våte føret (Rode spesial). Ein kjekke tur med god mat og hyggeleg lag!
Trakkemaskina er i gang og det er spor for langrenn 1. desember kl. 18 på Kleppa
Medlemmer av Syril som driv med langrenn kan få 20% rabatt på definerte merke og utstyr, vist under. Du må skrive deg på ein liste hos Intersport for å få høve til dette og oppgi e-postadresse (vi sjekkar lista om du er medlem i Syril).
VARE/MERKE |
MEDLEMSKJØP |
EVT |
MIZUNO |
20 % på veil pris |
SKO/TEKSTIL |
CRAFT |
20 % på veil pris |
TEKSTIL |
MADSHUS |
20 % på veil pris |
RACE JR/SR SKI /SKO |
ALPINA |
20 % på veil pris |
RACE JR/SR SKO |
FISCHER |
20 % på veil pris |
RACE JR/SR SKI /SKO |
SWIX |
20 % på veil pris |
TEKSTIL/SMURNING/STAVAR |
RODE |
20% på veil pris |
SMURNING |
VERKSTAD SKI |
20 % |
SLIP/PREPP O.L |
Som del av avtalen langrennsgruppa har med Intersport Sogndal gir Intersport og Syril langrenn eit godt tilbod på overtrekksjakke, svart (Craft) med Syril-logo hos Intersport Sogndal frå 29. oktober til 7. november.
Senior (kvinne og mann) kr. 730 (veil. kr. 1299), junior (opp til str. 164) kr. 340 (veil. kr. 699). I tillegg kjem kr. 70 per jakke for Syrillogo (faktura frå Syril). Den gunstige prisen kjem av at du må ha logo for Intersport Sogndal på jakka!
Logo for hovudsponarar i tillegg