Stikkordarkiv: Gut

Handball i Leikangerhallen fyrste helga i advent

I helga vart det spela 7 kampar.

Fredag kveld hadde me besøk av Aurland sine 15 års jenter. Dette var ein kamp som Syril dominerte frå start til mål. Syril vann klart 33-7.

Laurdag var det Syril sine jenter 12 år som starta med å vinne over Bjørn. Sluttresultatet vart 7-3.

Så var det jenter 13 år sin tur som starta med å vinne over Høyang 2. Ein kamp der dei først låg under, men kom sterkt på slutten for så å vinna med 9-5. I den andre kampen deira den dagen var mot Høyang 1. Her vart det litt tøffare tak, og jentene våre tapte 15 – 9.

I gutekampen mellom Syril og Eid/Haugen i klasse G14 vart det til slutt borteseier med 13-17.

Alle kampane på laurdag vart leia av Siv Hickman, Siri Fossøy, Kristine Linde Røyseth og Ingrid Fredheim. Dei tre første er nettopp ferdige med «dommar1- kurs» som vil seie at dei no er klare for å dømme opp til og med G/J14. Per Reidar Svangstu frå Bjørn var til stades på alle kampane som dommarobservatør. Tilbakemeldingane frå han var svært gode, og me håpar desse vil hjelpe oss med dømminga i Leikangerhallen i mange år.

Søndag var det igjen klart for kamp. Denne gang med voksne damer frå Syril og Førde 2. Førde 2 starta kampen i stort tempo, og leda kampen 7-1 etter 15 minutt. Men damene til Syril ville det annleis, og åt seg sakte men sikkert inn på Førde 2. Med om lag 12 minutt igjen av kampen var stillinga 17-17. Derfrå og inn vart det mykje neglebiting for dei om lag 100 som sat/sto på tribunen. Syril klarte det og vann 21-19.

I siste kampen i helga var det Syril sitt jente 15 som skulle måle krefter med Jotun/Åtil sine jenter. Jentene til Syril var mykje sterkare, og vann igjen som dei gjorde på fredag kveld. Denne gongen med 25-12.