Sognefjordrennet

Sognefjordrennet vart fyrste gong arrangert av Syril Telemark i 2005. Rennet vart starta som eit lokalrenn. I 2021 blei rennet flytta frå Aoreveitane/Fagereggi til Stavsete og Grindsdalen/Huksdalen for å få betre og meir sikre snøforhold. Arrangmentet blei også utvida med fleire aktivitetar i tillegg til skirenna. Frå 2023 er arrangementet utvida til to dagar med namnet Stavsete skifest.

Det er brøyta bomveg skilta til Huksdalen frå riksvegen med stor parkeringsplass framst i dalen. Frå parkeringsplassen er det 2 km god skiløype inn til festivalområdet ved Stavsete.

Program for 2023:


Laurdag 15 april.
Rebusløp for barn på veg fra parkerinsplassen til festivalområdet.

Frå klokka 12:00

  • Skirenn for dei yngste
  • Sognefjordrennet (klasse alpint, telemark, og snowboard)
  • Gratis grillmat, lappar, og saft
  • Lavvocamp og overnatting (bål og aktivitetar, dunjakke-disco)

Søndag 16 april.

  • Guida turar og skredworkshop
  • Stav freeride/Stav kinesisk utfor

Sjå Facebook (Sognefjordrennet) for meir info og påmelding

http://www.sognefjordrennet.com/

Syrstrond Idrettslag

%d bloggarar likar dette: