Kristian Knudsen Berg er utteken til NTF eliteturnering G16 i Molde med TEAM Sogndal. Turneringa er 8.-10.april, og dei skal møte Mjøndalen, Rosenborg, Ålesund og Strømsgodset. Gratulerar med uttaket, og lukke til i Molde.
Klargjering om treningsavgift miniputt
Teksten om treningsavgift under miniputt var feil. Treningsavgift for miniputt er som følgjer:
- Miniputt: kr 500
- Miniputt som spelar serie: kr 600
Ein skal ikkje betale begge treningsavgiftene om ein spelar serie, kun 600 kr.
Om nokon har betalt begge, ta kontakt med Birte på birte-a@hotmail.com slik at de får tilbakebetalt det som er betalt for mykje.
Sone Sogn gutar f. 2003
Onsdag 30 mars skal Sone Sogn gutar f. 2003 ha trening på kunstgraset kl 17:00 – 18:30. (Halve bana)
Fra vår klubb stiller Gøran Njøs og Espen Hickman.
Oppfordrar trenarar/leiarar i klubben til og møte opp.
Flott muligheit til og følga våre eigne spelarar og treffa kollegaer.
Telenor Cup NM J16
Onsdag 30.mars kl. 19.00 møter Syril sine jenter Sogndal på Syril kunstgras. Dette er ein av to kampar jentene skal spele for å kvalifisere seg til 1.runde Telenor Cup NM. Den andre kampen er borte mot Stryn. Dato er ikkje heilt klar enno.
Møt opp på kampen mot Sogndal førstkommande onsdag og hei jentene fram til siger.
Referat frå årsmøtet i Syril 14.03.2016
Referatet kan du lese her.
Årsmeldinga til Syril for 2015
Årsmeldinga kan du lese her.
NM J16 Telenor Cup 2016
Syril vann laurdag 18.3.16 5-2 heime mot Jotun i kvalifiseringa til NM J16 Telenor Cup 2016.
Syril møter Sogndal og Stryn som var vinnarane i dei to andre kvalifiseringskampane. Det vert spelt enkel serie, og vinnaren samanlagt blir SFFK sin representant i 1.runde i NM J16 Telenor Cup 2016.
NM Telenor Cup J16
I morgon, laurdag 19.mars spelar Syril innleiiande kamp mot Jotun på Syril kunstgras kl.13.00. Møt opp og hei fram jentene.
Kjempebra jobba av dugnadsgjengen som har fått bana fri for snø til kampen!
Andrea Henjesand utteken til Landsdelssamling

I dag vart Andrea Henjesand (J15) utteken til Landsdelssamling i Trondheim 31.mars til 3.april.Landsdelssamlingar er ein del av landslagsskulen, der NFF ynskjer å kartlegge og skulere aktuelle landslagsutøvarar. Målet er at spelarane skal få ytterligare motivasjon og inspirasjon til vidare satsing. Imponerande prestasjon av Andrea. Syril ynskjer ho lukke til.
Dugnad på kunstgraset
Syril treng å få vekk snø der måla skal stå på 11ar-bana samt ned mot elva. Vi har to fresara, dersom nokon kan håntera dei. Ta med spade eller måkeutstyr.
Oppmøte i dag, torsdag 17.03.16 kl 16.30 – 17.00.
Vonar mange kan møte slik at vi kan jobbe mot målet om å få bana klar for jentene sin NM-kamp, treningar og kampar ellers.
PS! Dugnaden er god, alternativ trim.