Stikkordarkiv: NM

Medaljedryss i telemark!

img_1230I dag, som i går, vart ein veldig god dag for Syril og Luster sine telemark-køyrarar. Dagens disiplin var Paralell.

Øyvind vann NM-bronse etter sterk køyring og Sara tok sin andre gullmedalje for helga i aldersbestemt 15 – 16 års klassen.

Lustringane Andrea Fiskaa Haugen vant NM gull for jenter junior og Eirin Fiskaa Haugen tok ein flott 4. plass.

Alt i alt i svært god helg for Sogningane!

img_1223

God laurdag for telemarkkøyrarane

Fin fin start for Telemark-køyrarane frå Syril i NM og hovudlandsrenn denne helga i Asker.

Bronse til Øyvind Vagstad i ein meget sterk senior klasse og førsteplass til Sara Felde Liljedal i 15-16 års-klassen. Dagens øvelse var sprint.

I morgon er det parallell med nye moglegheiter.

NM J16 Telenor Cup 2016

Syril vann laurdag 18.3.16 5-2 heime mot Jotun i kvalifiseringa til NM J16 Telenor Cup 2016.

Syril møter Sogndal og Stryn som var vinnarane i dei to andre kvalifiseringskampane. Det vert spelt enkel serie, og vinnaren samanlagt blir SFFK sin representant i 1.runde i NM J16 Telenor Cup 2016.