Ekstra trimpost ved Kyrafossen

VKF001

VKF002I dag tidleg vart det sett opp ein turpostkasse ved utsikten nær Kyrafossen. Turposten inngår ikkje som ein del av trimmen i 2016, men kan kome med eit seinare år når vi flytter klypptenger. I år vil du finna bok, å skrive deg i, i kassen.

For å koma til utsiktspunktet går du til Hangsetegrinda, i enden av traktorvegen frå Njøs mot Hangsete. Du kjem dit og ved å gå stien via Bjørgahaug mot Hangsete. Gå gjennom grinda og følg garden oppover. Litt oppi bryt stien av frå garden. Han er merka med raude prikkar og tydeleg i terrenget. Kassen heng ved stien, ved utsiktspunktet. Like over utsiktspunktet er det skilta tilbake til Hangsete.

 

Syril fotball sin sportsplan

Sportsplanen og tillegg til sportsplan som vart vedteke på årsmøte finn ein her : https://syril.no/ball/fotball/

Det er sett ned ei gruppe som skal revidere sportsplanen, og legge den fram på årsmøte neste år. Denne gruppa består av Jan Tore Slinde og Kjetil Berg frå styret. Med seg i gruppa har dei personar , som i hovudsak er trenarar som representerar både vaksen-, ungdoms-, og barnefotballen i Syril. Sportsleg leiar Jan Tore Slinde leiar denne gruppa, og dei skal etter planen sette i gang med revideringa etter 17.mai.

 

Tilsynelatande like?

2016 Trimkort
Trimkort 2016

Fleire har kommentert at dei ikkje ser skilnad på trimkorta for 2016 frå 2015. Vi kan trøyste dykk med at det ikkje er alt som er like godt synleg, men vi er trygge på at vi skil korta frå 2015 frå 2016.

Ikkje gløym at korta skal fungere som din kontrakt med deg sjølv. La det/dei vere din motivasjon med eit klart mål for sesongen. Utfordre gjerne andre eller ta dei med på ein tur som ein appetittvekkar. I motsetning til mange andre aktiviteter stiller ikkje trimmen store krav til utstyr. Du kjem langt med eit par gode sko.

Som nybyrjar kan det vere lurt å starte med 30 småturar første året. Ta tida du treng og besøk kortpostane som Dalhjella, Lauparfjellet, opp frå Frækaland/Leite mot Kleppa, Fadnastølen, Bjørgahaug, Skagasete og Fivelhola fleire gonger. Neste år tek du alle 20 postane.

Ta med mobil eller kamera på turane. Post gjerne bilete frå turane på Facebook-gruppa til Syril Trim eller send bilete og ei historie til nett@syril.no, så skal vi få lagt inn ei sak på syril.no. Det treng ikkje vere utsiktsbilete. Om det er dyr eller planter er det mykje fint som fortener foreving i naturen. Ver med og vis fram mangfoldet i Leikanger.

Men vi noterer oss ønskje om ulike kort og ser om vi kan få til ein meir fargesprakande trim dei komande åra.

Syril sitt damelag spelar kamp i dag

Syril sitt damelag spelar sin første kamp for sesongen i dag. Dei møter Lærdal på heimebane kl.18. Det er første gong sidan 2010 at Syril har eit damelag. Håpar dei får ein god sesong,og at grunnlaget vert lagt for vidare satsing på damelag i Syril. Møt opp på kampen i dag og støtt opp om damelaget vårt.

Trimsesongen starta

2016 TrimkortTrimsesongen er offisielt i gong. Klyppekort kan frå og med i dag, 13.04.16, kjøpast hjå Leikanger Bokhandel AS og Erling Røysum AS.

  • Kort for alle 20 trimpostane til kr 100.
  • Kort for 30 klypp (Trim 30) for dei som vil gå på nokre av postane, fleire gonger til kr 50.

Flotte premiar blir trekt etter sesongen mellom innleverte kort.

Nytt: Eigen trekning for barn fødd i 2001 og seinare blant Trim 30-kort med minimum 20 klypp. Hugs å skriva fødselsåret på kortet før innlevering i haust!

Syrstrond Idrettslag