Stine Gjerde er utteken i SFFK si satsingsgruppe for jenter for perioden 1.mai – 1.oktober 2016. Syril gratulerar og ynskjer ho lukke til!
Kampar veke 21

Brødrene Singdahlsen «persar» i Vik
Angelo (G11) og Joshua (G15) gjorde sitt for å sikre sølv til Syril i Vikjastafetten for gutar. I dei individuelle øvingane sette begge – to personlege rekordar.
Angelo:
- lengde med 4,01 m
- 60 meter med 8.99 s
Joshua:
- lengde med 5,12 m
- 100 meter med 12,19 s
Eirik «persa» 3 gonger i Vik
Eirik Skrede Valvik viste store framskritt i Vik. I tillegg til å delta på Vikjastafetten stilte han i klassen G14 i høgde, 60 meter og lengde. I alle greinene sette han personlege rekordar med:
- Høgde: 1,50 m
- 60 meter: 8,40 s
- Lengde: 4,19 m
Han vann både 60 meter og lengde. I høgde enda han på tredjeplass bak to utøvarar frå Fana IL.
Ein kan bli mållaus av mindre….gratulerer!
Henrik vann 800 meter G15 i Vik
I tillegg til å vere med på gutelaget til Syril på Vikjastafetten, stilte Joshua Singdahlsen og mellom-/langdistansetalentet Henrik Farstad Skagen på 800 meteren på Vikjastemnet.
Joshua sette opp eit høgt tempo på den første runden og fungerte som hare for resten av feltet. På starten av andre runde vart han passert av ein anna løpar og Henrik. Sakte, men sikkert, henta Henrik inn det vesle forspranget konkurrenten hadde fått. Etter ein langspurt mot mål drog Henrik sigeren i land. Joshua tok ut alt og sikra tredjeplassen. Vi gratulerer begge med ein svært god innsats.
Andre plass i Vikjastafetten
Syril-gutane (samla alder inntil 81 år):
- Joshua Singdahlsen
- Per Bjørk
- Eirik Skrede Valvik
- Henrik Farstad Skagen
- Gard Stokkenes Christensen
- Angelo Singdahlsen
leverte ein flott andre plass i Vikjastafetten 2016. Syril vart berre slått av Jølster IL. Vi gratulerer gutane med framifrå innsats!
Det er ikkje berre i stafett Syril gjorde det godt. Fleire av talenta leverte i dei individuelle konkurransane. Det kjem meir frå stemne seinare, men her er nokre bilete frå stafetten:



Kampar veke 20

Kjøp andel i kunstgrasbane
Kunstgrasbana er eit stort økonomisk løft for ein liten klubb i Syril. Mykje er finansiert av Leikanger kommune/Sognekraft, Sparebanken Sogn og Fjordane samt tippemidlar. Men vi har ikkje fått midlar til innbytarbenker, kiosk og tribune. Vi håpar du vil vere med å hjelpe oss slik at vi slepp å legge enno meir på treningsavgiftene til spelarane.
Om felt
Bana er delt opp i hovedsak i felt som du kan «kjøpe» for kr 3 000. Eit kjøp betyr at du får namnet ditt på plakat som vert lagt ut på syril.no og på veggen i kiosken. Det er lov å vere anonym eller bruke alias. Du kan kjøpe fleire felt.
Særfelta, det vil seie midtsirkel, straffefelt, 16-metrane og hjørna, vert selde som samla einingar og er særleg mynta på bedrifter, lag, foreining, vennegjengar eller andre som slår seg i lag for å få hand i eit større samla område. Midtsirkelen kostar kr 30 000 medan dei andre kostar kr 15 000. Det vert høve til bedriftsprofilering av desse felta. Det inneber logo på plakat på nettsidene våre og på plakaten i kiosken. Det vil òg vere høve til å få avtale om stadionreklame i tillegg.
Framgangsmåte
- Betal til bankgiro 3705.10.13124
- Merk innbetaling i rubrikken Melding/Beløpet gjelder med «Andel kunstgrasbane» og ønska andelsnummer eller «særfelt». Først til mølla! Er andelen allereie kjøpt, tildeler vi fortløpande.
- Merk også med «Namn på Andelseigar» i feltet Melding/Beløpet gjelder.
Ta kontakt med Nils Magne Slinde (901 54 550) om du har spørsmål.
Ekstra turpost: Smørklett
Seint hausten 2015 vart det sett ut ny boks på Smørklett og lagt ut bok for å teste overvintringa i dei nye kassane. Boka ligg framleis i boksen, så det er berre å ta turen dit og skriva seg inn.
Det er fleire startpunkt for turen. Frå Kleppa følgjer du sti til Stokksete til du kjem til lina som kryssar under Damefall. Følg line oppover mot Smørklett. Boksen står på staur på den vestlege toppen.
Frå Eggja går du stølsvegen. Ta av stølsvegen på høgste punktet ved treksilt. Følg merka rute herifrå til trimposten. Som eit alternativ to frå Eggja, vart det hausten 2015 merka sti gjennom Hamarskaret.
PS! De får no vente til snøen har forsvunne 😉
Kampar veke 19


