Eirik «persa» 3 gonger i Vik

Eirik Skrede Valvik viste store framskritt i Vik. I tillegg til å delta på Vikjastafetten stilte han i klassen G14 i høgde, 60 meter og lengde. I alle greinene sette han personlege rekordar med:

  • Høgde: 1,50 m
  • 60 meter: 8,40 s
  • Lengde: 4,19 m

Han vann både 60 meter og lengde. I høgde enda han på tredjeplass bak to utøvarar frå Fana IL.

Ein kan bli mållaus av mindre….gratulerer!