Henrik vann 800 meter G15 i Vik

I tillegg til å vere med på gutelaget til Syril på Vikjastafetten, stilte Joshua Singdahlsen og mellom-/langdistansetalentet Henrik Farstad Skagen på 800 meteren på Vikjastemnet.

Joshua sette opp eit høgt tempo på den første runden og fungerte som hare for resten av feltet. På starten av andre runde vart han passert av ein anna løpar og Henrik. Sakte, men sikkert, henta Henrik inn det vesle forspranget konkurrenten hadde fått. Etter ein langspurt mot mål drog Henrik sigeren i land. Joshua tok ut alt og sikra tredjeplassen. Vi gratulerer begge med ein svært god innsats.