Syril fotball vil minne om at garderobeanlegget ved bana er stengt, og kan derfor ikkje nyttast av nokon.
Kjeringi Open-traseen trakka!
Det blei ikkje noko av Kjeringi Open 2020. Men Syril har fredag trakka heilt til Kjeringafjell og Kjeringi Open-løypa ned att til Damefall. Det er meldt flott ver i helga. Ta turen oppover mot Kjeringafjell, så langt du greier. Prøv gjerne heile eller deler av løypa ned att.

PS! Hugs solkrem!
Trimkort 2020 i sal!

De kan kjøpe trimkort hjå Erling Røysum og Små Livsgleder. Same pris som i fjor: kr. 50,- for trim-30 kort og kr. 100,- for trimkort turpostar. De kan betale kontant eller med vipps (til 88235). Om de betalar med vipps så husk å merke betalinga med «Trim» slik at inntekta går til trimgruppa. Generelt så oppmodar vi flest mogeleg om å betale med vipps pga. situasjonen ang. koronavirus.
Elianne og Torill har og trimkort heime hjå seg som det er mogeleg å få kjøpt, både no i påska og seinare. Ta gjerne kontakt på førehand:
Elianne: tlf. 90630307, Eggjavegen 41
Torill: tlf. 97140861, Sjurli 7
Dersom de kjem til «våte» bøker eller «utskrivne» bøker så vil vi gjerne ha tilbakemelding om det, slik at vi kan få lagt ut nye bøker der det trengst.
Til slutt vil vi takke sponsorane våre, Sogn Røyr AS og Byggmeister Langeteig & Volldal, for at de støttar trimgruppa sitt arbeid!
God trimsesong til alle!
Helsing oss i trimgruppa: Ingar Hals, Elianne Eggum, Renate Sæle og Torill Felde
Ingen organisert fotballtrening på Syril stadion for tida, men eigentrening er lov!
Her er nokre einkle råd for korleis eigentrening kan gjennomførast innanfor helsestyresmaktene sine anbefalingar:
– Tren åleine eller i små grupper (maks 3-4 stk), familiegrupper kan vera større.
– Hald avstand til kvarandre, 1-2 meter.
– Tren gjerne med dei same vennene.
– Ikkje tren om ein har symptom på forkjøling eller anna sjukdom.
Det er mange kjekke og nyttige øvingar ein kan gjera åleine eller i små grupper; pasningar, demping, skot, hurtigheit, kondisjon og mykje meir.
Så oppmodar vi alle unge og vaksne å forholda seg til helsestyresmaktene sine retningslinjer.
Så gler vi oss alle til vi kan starta med fellestreningar og kampar igjen.


Årsmøte i Syril vert utsett.
Årsmøte i Syril vert UTSETT på ubestemt tid. Dette på grunn av tilbakemeldingar frå medlemmar som ynskjer møta, men ikkje kan pga karantene.
Syril handball avlyser all aktivitet ut sesongen.
All aktivitet vert avlyst ut sesongen.
https://www.handball.no/nyheter/2020/03/oppdatert-koronainfo/
https://www.handball.no/nyheter/2020/03/all-regional-kampaktivitet-avlyses/
Syril fotball avlyser all trening.
Syril fotball avlyser all trening framover. Norges Fotballforbund har vedteke at all breiddeaktivitet vert avlyst ut april. Det inneber all form for trening, samling og kampaktivtetar.
https://www.fotball.no/tema/nff-nyheter/2020/breddeaktiviteter-stoppes-ut-april/
Årsmøte Syril
Årsmøte i Syril måndag 16.mars kl.19.00 i Saften, møterom 4. etasje.
Vanlege årsmøtesaker.
Syril
Per Hauge
leiar
90 86 58 33
Skikarusell laurdag 29.februar
Då er det endeleg klart for skikarusell på Kleppa. Skikarusellen er førtskommande laurdag kl.12-13, og me håpar å sjå mange små skigåarar.
Medlemskap 2020
Minner om betaling av medlemsavgift for 2020.
Informasjon om medlemskap og prisar for 2020 finn ein her: https://syril.no/idrettslaget/medlemsavgift/