Her er nokre einkle råd for korleis eigentrening kan gjennomførast innanfor helsestyresmaktene sine anbefalingar:
– Tren åleine eller i små grupper (maks 3-4 stk), familiegrupper kan vera større.
– Hald avstand til kvarandre, 1-2 meter.
– Tren gjerne med dei same vennene.
– Ikkje tren om ein har symptom på forkjøling eller anna sjukdom.
Det er mange kjekke og nyttige øvingar ein kan gjera åleine eller i små grupper; pasningar, demping, skot, hurtigheit, kondisjon og mykje meir.
Så oppmodar vi alle unge og vaksne å forholda seg til helsestyresmaktene sine retningslinjer.
Så gler vi oss alle til vi kan starta med fellestreningar og kampar igjen.

