Minner om påmelding til Tine fotballskule 10. – 13. august. Påmeldingsfrist 3.august. Tine fotballskule 2020
Status støtte til friidrettstadion
Medlemar i SYRIL har no betalt inn over kr. 50 000 til hjelp for å få ferdig friidrettsstadion. I tillegg fekk vi kr. 30 000 i koronamidlar frå Sparebankstiftinga. Tusen takk til alle. Det gjer at vi har bestemt oss for å gjere ferdig grunnarbeida og løpebana. Vi har ikkje midlar til kunstgras på tre-ar-banene eller til gras på grasbanedelen, men det jobbar vi med.

I tillegg har vi fått kr. 400 000 frå sparebankstiftinga til lysanlegg. På bilete som er vedlagt, ser de overrekking til vår prosjektleiar Jørgen Dahle Eikenes frå banksjef bedriftsmarked i Sparebanken Sogn og Fjordane, Jan Petter Vadheim. Men lysanlegget kostar om lag 1,2 mill. kr. Vi vil søke om spelmidlar, men eigenandelen klarar vi ikkje å finansiere. Kvar krone frå dykk medlemmar kjem godt med.
Vi håpar difor at enno fleire av medlemmane i SYRIL ønskjer å hjelpe. Det kan ein gjere med ei ekstra gåve som ein betalar inn på konto 3781.07.31029 eller VIPPS 88235. Merk innbetalinga med «Støtte til Friidrettsstadion». Beløpet er valfritt.
Alle medlemmar med registrert e-postadresse får denne eposten. Dersom du veit om andre som kanskje kan vere interessert i å støtte, så send gjerne denne eposten vidare.
Helsing
Friidrettsvener i SYRIL
Gruppe for treningstilhøve vinterstid
Syril fotball har etablert ei gruppe som skal utgreie treningstilhøve på vinteren. Gruppa består av Nils Magne Slinde, Erlend Husabø, Svein Jarle Skårhaug og Runa Aaland Eggum. I går var gruppa på besøk hjå driftsleiar i Sogndal fotball, Nore Hjellhaug, for å høyre om deira erfaringar frå vinterdrift. Det var eit interessant møte og eit godt grunnlag for vidare arbeid. Stor takk til Nore som stilte opp. Gruppa arbeider vidare og tek sikte på å ferdigstille arbeidet tidleg haust. Om du har innspel til arbeidet er du velkomen til å dele desse innan 12.juli. Dette kan gjerast ved å ta ein telefon til Runa Aaland Eggum på 95756106 eller sende ein e-post til runaeggum@gmail.com.

Støtte til friidrettsstadion
Hei
Syril byggjer nytt friidrettsstadion, men må kanskje utsetje ferdiggjering pga. koronapandemien. Meir informasjon om anlegget og situasjonen finn du i vedlagte fil. Dersom du ikkje får opna fila, så sende ein epost til nmslinde@frisurf.no så skal vi sende den på epost.
Vi håpar at medlemmane i Syril ønskjer å hjelpe til i denne vanskelege situasjonen. Det kan vi gjere med ei ekstra gåve som ein betalar inn på konto 3781.07.31029 eller Vipps 88235. Merk innbetalinga med «Støtte til Friidrettsstadion». Beløpet er valfritt.
Alle medlemmar med registrert epostadresse får denne eposten. Dersom du veit om andre som kanskje kan vere interessert i å støtte, så send gjerne denne eposten vidare.
Helsing
Friidrettsvener i Syril
Invitasjon til Tine fotballskule 2020
Syril fotball arrangerar Tine fotballskule 10. – 13.august. Alle dagar kl. 10.00 – 14.30. For meir informasjon om fotballskulen og påmelding: Tine fotballskule 2020
Tine fotballskule
Syril fotball arrangerar Tine fotballskule 10. – 13.august for dei som er fødde i 2008 – 2012. Meir informasjon og påmelding kjem på syril.no etter kvart.
To nye stiar til Høgehaug er merka
No er det merka opp sti frå Hamrestølen og frå Kleppa, til Høgehaug. Desse er merka i raudt.
Frå Hamrestølen går ein øverste stien mot Kleppa i nokre hundre meter. Ikkje langt etter at ein kryssar ei lita gro, så kjem den merka stien til syne på høgre side. Denne går til Høgehaug.
Likeeins er stien frå gamle skihytta på Kleppa merka i raudt. Her går ein fyrst etter den nederste stien mot Hamrestølen/Eggja, men like ved gamle skihytta så ser ein stien oppi skogholtet til høgre. Denne held fram til den møter stien som kjem frå andre retningen, frå Hamrestølen.
Dette blir då i tillegg til den meir kjende stien som går frå Kleppa via Liaskard, som også har skilting til Høgehaug.
Fotballtrening frå 1.juni
Frå 1.juni er det vanleg trening for barn og unge.
Les meir her: https://www.fotball.no/tema/nff-nyheter/2020/apner-for-barnefotball-1.-juni/
Handballgruppa søker arrangementsansvarlege
Syril handball har hatt to flinke arrangementsansvarlege som no takkar for seg. Vi treng difor to nye til å ta over stafettpinnen. Oppgåver som ligg til vervet:
- Koordinere oppsett av arrangement i lag med kvart lag sin lagleiar/trenar
- Ansvar for innkjøp av kioskvarer.
- Ansvar for å oppdatere permen i sekreteriatet
- Ansvar for utarbeiding/ajourhold av instrukser i høve arrangement
- Ansvar for økonomisk oversikt for kioskdrifta i dialog med økonomiansvarleg
Ta gjerne kontakt med Elianne eller Pia, eller andre i styret, om du ynskjer å hjelpe til. Astrid og Hilde kan også kontaktast.
Helsing styret i Syril handball
Oversikt over styret i handballgruppa finn du her:
Årsmøte Syril
Det vert kalla inn til årsmøte i Syril 8.juni kl 19.00 i Tingsalen.
Vanlege årsmøtesaker.
Syril
Per Hauge
leiar
90 86 58 33