Kategoriarkiv: Trim

Sevi – Kjeringafjell

sevi-kjeringafjell

Frå sælet på Sevi er det merka sti til Kjeringafjell med stikker og raude merker på steinar.

Frå sælet fører merka deg til den gamle foringsplassen. Starten på stien, eller rettare sagt dyretrakket som skråar opp lia, er merka med ei stikke like forbi plassen. Stien er grei å følgje, men litt oppi deler han seg. Her har eg plassert ei stikke på det brattaste alternativet som tek deg opp til øvre Nuvedal. Om stikka i løpet av åra skulle verte vekke, er tipset alltid å følje skilje som går opp.

Når du er komen opp i øvre Nuvedalen, har eg sett ei stikke som markerer rett sti/alternativ å gå ned att. Det er fleire dyretrakk her som ein kan ta feil av når ein er på veg ned til Sevi.

Eg kryssar Nuvedalen i botnen og går opp lia slik at eg endar opp ved a i Blankavatni. Sjå etter raude merker og stikker. Oppe på platået til Blankavatni er det merka med raudt til austlege ryggen av Kjeringafjell. Oppover ryggen finn du for det meste raude merke på steinar. Dyretrakka mellom er ellers til god hjelp. Om du ikkje treff merka heilt så er retningen uansett opp!

Trimpostkassen er festa på vestveggen av radiobua.

Kjeringafjell

Klar for stikking og merking

Thor Arne har vore på Coop Byggmix, henta avkapp og gjort klar ca 60 stikker for merking. Stikkene skal brukast til å merke opp sti eller retning til turpostar over tregrensa eller der det er vanskeleg å merke på andre måtar. Vi kjøper også inn raud spray til merking på stein og tre.

I første omgang ser vi for oss merking her:

  • Bergsete mot toppen av Kvannaskard – Det skal bli lettare å finne stien ned Kvannaskard (Thor Arne)
  • Bergsete mot Moldbakken – Det skal bli lettare å treffe stien som går ned Moldbakken (Thor Arne)
  • Sevi til Kjeringafjell – Frå sælet mot starten på stien som skråar opp og inn i Nuvedalen for lettare å finna den både på opp- og nedtur. Eventuelt nokre stikker opp til platået med Blankavatnet.
  • Lusaskard – Nokre stikker frå Rjupeskar (same namn som i Kleppa-området), der du kjem opp frå skogen på stien frå Skagasete mot Lusaskard.
  • Rjupeskar – Frå der stien skil lag frå stien til Stokksete (Arild)
  • Stokksete – opp til Kallbakk for å kome saman med stien som går vidare opp til Rjupeskar.
  • Smørklett – I hovedsak over myrene like før austryggen til turpostkassen (Arild)
  • Mælen – Frå der ein går av stien til Dalsbotnen. (Thor Arne)
  • Vassvarden – Vurderer nokre stikker i over Daurmålhaug.
  • Fadnastølen mot Kvannaskard – Nokre stikker frå sælet til Karin, over bekken og fram til der stien går inn mellom granfelta og opp til platået til Havravotni. (Arild)

Vil du vere med på merkinga, ta kontakt med Thor Arne eller Arild. Kontaktinformasjon finn du på trimsida: https://syril.no/trim/

Ekstra turpost: Smørklett

SMK001Seint hausten 2015 vart det sett ut ny boks på Smørklett og lagt ut bok for å teste overvintringa i dei nye kassane. Boka ligg framleis i boksen, så det er berre å ta turen dit og skriva seg inn.

Det er fleire startpunkt for turen. Frå Kleppa følgjer du sti til Stokksete til du kjem til lina som kryssar under Damefall. Følg line oppover mot Smørklett. Boksen står på staur på den vestlege toppen.

Frå Eggja går du stølsvegen. Ta av stølsvegen på høgste punktet ved treksilt. Følg merka rute herifrå til trimposten. Som eit alternativ to frå Eggja, vart det hausten 2015 merka sti gjennom Hamarskaret.

PS! De får no vente til snøen har forsvunne 😉

Ekstra trimpost ved Kyrafossen

VKF001

VKF002I dag tidleg vart det sett opp ein turpostkasse ved utsikten nær Kyrafossen. Turposten inngår ikkje som ein del av trimmen i 2016, men kan kome med eit seinare år når vi flytter klypptenger. I år vil du finna bok, å skrive deg i, i kassen.

For å koma til utsiktspunktet går du til Hangsetegrinda, i enden av traktorvegen frå Njøs mot Hangsete. Du kjem dit og ved å gå stien via Bjørgahaug mot Hangsete. Gå gjennom grinda og følg garden oppover. Litt oppi bryt stien av frå garden. Han er merka med raude prikkar og tydeleg i terrenget. Kassen heng ved stien, ved utsiktspunktet. Like over utsiktspunktet er det skilta tilbake til Hangsete.

 

Tilsynelatande like?

2016 Trimkort
Trimkort 2016

Fleire har kommentert at dei ikkje ser skilnad på trimkorta for 2016 frå 2015. Vi kan trøyste dykk med at det ikkje er alt som er like godt synleg, men vi er trygge på at vi skil korta frå 2015 frå 2016.

Ikkje gløym at korta skal fungere som din kontrakt med deg sjølv. La det/dei vere din motivasjon med eit klart mål for sesongen. Utfordre gjerne andre eller ta dei med på ein tur som ein appetittvekkar. I motsetning til mange andre aktiviteter stiller ikkje trimmen store krav til utstyr. Du kjem langt med eit par gode sko.

Som nybyrjar kan det vere lurt å starte med 30 småturar første året. Ta tida du treng og besøk kortpostane som Dalhjella, Lauparfjellet, opp frå Frækaland/Leite mot Kleppa, Fadnastølen, Bjørgahaug, Skagasete og Fivelhola fleire gonger. Neste år tek du alle 20 postane.

Ta med mobil eller kamera på turane. Post gjerne bilete frå turane på Facebook-gruppa til Syril Trim eller send bilete og ei historie til nett@syril.no, så skal vi få lagt inn ei sak på syril.no. Det treng ikkje vere utsiktsbilete. Om det er dyr eller planter er det mykje fint som fortener foreving i naturen. Ver med og vis fram mangfoldet i Leikanger.

Men vi noterer oss ønskje om ulike kort og ser om vi kan få til ein meir fargesprakande trim dei komande åra.

Trimsesongen starta

2016 TrimkortTrimsesongen er offisielt i gong. Klyppekort kan frå og med i dag, 13.04.16, kjøpast hjå Leikanger Bokhandel AS og Erling Røysum AS.

  • Kort for alle 20 trimpostane til kr 100.
  • Kort for 30 klypp (Trim 30) for dei som vil gå på nokre av postane, fleire gonger til kr 50.

Flotte premiar blir trekt etter sesongen mellom innleverte kort.

Nytt: Eigen trekning for barn fødd i 2001 og seinare blant Trim 30-kort med minimum 20 klypp. Hugs å skriva fødselsåret på kortet før innlevering i haust!

Trim 2016

Trimsesongen er snart i gong. Vi satsar på at klyppekorta er i sal etter Kjeringi Open.

Klyppekort kan då kjøpast hjå Leikanger Bokhandel AS og Erling Røysum AS.

  • Kort for alle 20 trimpostane til kr 100.
  • Kort for 30 klypp (Trim 30) for dei som vil gå på nokre av postane, fleire gonger til kr 50.

Flotte premiar blir trekt etter sesongen mellom innleverte kort.

Nytt: Eigen trekning for barn fødd i 2001 og seinare blant Trim 30-kort med minimum 20 klypp. Hugs å skriva fødselsåret på kortet før innlevering i haust!

Byggmeister Langeteig & Volldal AS og Sogn Røyr AS er med på laget. I år er planen at Syril Trim vil bruke midlar på å merke opp ein del stiar.

Besøk på trimpostane

Vinter2015
Skagasete 2. mai 2015

Vinteren 2015 var ei hard nøtt og kjempa hardt for å bli. Utlegging av postane i høgda vart forsinka med ca ein månad. Likevel må ein kunne sei seg godt nøgd med besøket på postane.

I 2014 vart det registrert 14 511 besøk i bøkene. For 2015 er det registrert 13 660 besøk på dei same postane.

Ein nedgong på 851 registreringar er ikkje mykje med tanke på den snørike vinteren. Det har gitt seg utslag ved at nærpostar som Bjørgahaug og posten mellom Frækaland og Kleppa har fått auke i besøktalet.

2015 besøk på trimpostane