Kategoriarkiv: Syril

Bytedag av treningsklede, innesko og utstyr 19. oktober i Saften

Har du mykje treningsklede som er for lite, for stort eller rett og slett ikkje blir brukt? Eller kanskje treningsutstyr som knebeskyttarar og ballar du ikkje brukar? I veka før kampdagen laurdag 19. oktober kan du levere inn klede, innesko og utstyr som skal bytast vekk. Det er sett fram tre kassar/sekker ein kan legge det ned i – ein for klede, ein for innesko og ein for utstyr. Alt må vera vaska/reint. Kassane/sekkane finn de i gangarealet i 3.etasje i Saften.

Laurdag 19. oktober, kl 13-15 kan du kome att og sjå om det er plagg/sko/utstyr du har behov for. Alt er gratis, men dersom du ynskjer kan du betale 10 kr pr plagg du tek med deg heim. All inntekt går til Rosa sløyfe-arrangementet.

OBS: Du treng ikkje levere inn noko for å finne nytt, men då set vi ekstra pris på nokre kroner som går til Rosa sløyfe-arrangementet. 🙂

Det som blir att, blir gitt vekk til Freetex.

Velkomne!! 🙂

Kurs om skadeførebygging, behandling av akutte skadar og opptrening etter skade

Syril Handball og Syril Fotball inviterar til kurs om skadeførebygging.
Kursstad     :  Saften, Leikangerhallen
Dato            :  24. april 2019
Klokka         :  17.00
Kurshaldar :  Elise Thorsnes og Gunvor Halmøy
Syril Handball og Syril Fotball har eit sterkt ynskje om at alle trenarar og lagleiarar prioriterar å komme på kurset.  Det er de som er på banene med ungane og skal praktisere det me lærer på kurset. Viss det er foreldre og spelarar som ynskjer å komme å høyre på, er det opent for det.
Det blir ei praktisk økt der ein kan få prøve seg på å legge ein kompresjon og teiping.  Denne økta blir trenarar og lagleiarar prioriterte.
Påmelding innan SUNDAG 14/4-19 til kittyrenate5@hotmail.com

Klubbutvikling/-driftskurs 30. mars

Laurdag 30. mars invitera NFF Sogn og Fjordane alle klubbar i Sogn til eit 1-dagskurs i klubbdrift og klubbutvikling. Dette kurset er det første av fire kurs som skal hjelpe alle frivillige og ansatte i fotballen til å gjer ein effektiv og god jobb med å tilrettelegge for aktivitet på alle nivå i norsk fotball. Målgruppa er alle frivillige og ansatte i klubb, frå styremedlem, kioskansvarleg til lagleiarar og trenar.

Læringsmål:
Forstå idrettens formål
Forstå klubbens ytre rammer
Forstå hvorfor helhetlig styring – der klubben som sjef er viktig
Kjenne til NFF Kvalitetsklubb

Kurset er satt saman av tre modular, som saman vil utløyse kompetansen «FLK 1»:

Modul 1: Den verdifulle idretten
Modul 2: Vår store fotballfamilie
Modul 3: Banen vi spiller på

Det vert lagt opp til gruppearbeid, erfaringsutveksling og teori frå kurshaldar frå krets. Alle med verv som arrangementansvarleg, styremedlem, trenar, lagleiar osv. vil ha nytte av dette kurset.

Kurset arrangeres:
Sted: Leikangerhallen, 4.etg

Når: Lørdag 30. Mars
Tid: 10:00 – 17:00
Pris: GRATIS

Påmelding ved å trykke «skal» på facebookeventet: https://www.facebook.com/events/388102671753811/ eller på e-post til anders.veibust@fotball.no

Årsmøte 11. mars 2019 kl 19:00

Innkalling til årsmøte 2018 i Syril i Saften, 4 etasje. Førebels sakliste:

  • Opning
  • Godkjenning innkalling og sakliste
  • Val ordstyrar og referent
  • Val 2 medl. til underskriving protokoll
  • Godkjenning årsmelding og rekneskap
  • Fastsetjing medlemskontingent
  • Opprusting friidrettsstadion, finansiering
  • Framlegg til budsjett
  • Val:
    • Formann
    • Nestformann
    • Kasserar
    • Styremedlem
    • Formann og nestformann gruppene
    • 2 revisorar
    • 3 medl styringsgruppa Kjeringi Open
    • 2 medl hyttestyre

     

Medlemsavgift 2019

Det blir inga endring i satsane, Syril vidarefører satsane for 2018:

FAMILIE* 500
ENKELTMEDLEM 350
BARN UNDER 17 ÅR 250

Kontonummer: 3781 07 31029 eller VIPPS til 88235
Merk innbetalinga med: Medlem <år> og namn på familiemedlemer

Det blir ikkje lagt ut eller sendt bankgiroar i Posten. Bruk kvitteringen frå (nett-)banken som medlemskort!

Velkomen som medlem!!

*) Eit familiemedlemskap dekkar born som bur på same adresse som forelder/foreldra. Dersom borna er studentar og bur borte for å studere, godtek vi at dei kan inngå i eit familiemedlemsskap med forelder/foreldra.

Idrettens Skadetelefon

Idrettens Skadetelefon skal ivareta utøvarar sitt behov for behandling, rådgjeving og oppfølging ved skade. Det er no laga ein animasjonsfilm som forklarer kva Skadetelefonen er og korleis det fungerer ved skade:

Meir info om Idrettens Skadetelefon og Idrettens helsesenter finn de her, https://www.idrettshelse.no/.

Syril har eiga side om fotballskade her.