NFF Grasrottrenarkurs – Del 2 Barnefotball

Den 30. april og 7. mai vert det trenarkurs her på Leikanger (Stadion), kurset er Del 2 – «Barnefotball» som er ein del i NFF Grasrottrenar utdanning.

Målgruppe

  • Alle som har eit trenarverv i barnefotballen i aldersgruppa 9–10 år bør ha kurset som bakgrunn for å tilrettelegge for og å gjennomføre god fotballaktivitet
  • Alle som ynskjer å starte og gå vidare på NFFs utdanningsstige  https://www.fotball.no/kurs/kurs/?fiksId=2582615

Kurset går over 2 kvelder med ca 4 timar pr. kveld, fordelt på teori og praksis. I tillegg vert det noko e-læring i forkant, mellom kursa og etterpå.

Håpar at mange av våre trenarar vil melde seg på. Kurset er Gratis.

Påmelding til Steinar Røysum, mob. 90145370, eller s-roysum@frisurf.no