Kategoriarkiv: Fotball

Status nye stadion

Då har Laiderz komme til Syril stadion og er i gang med å legge gummidekke. Anleggstida er venta å vere 3 veker, gitt at ver og vind er på lag. I denne perioden er det viktig at ingen tek seg inn på stadion. Anleggsgjerde er sett opp.

Den første tida skal det leggjast baselag, på slutten skal eit topplag sprayast på. Arbeidet med topplaget er venta å pågå i 3-5 dagar. Medan arbeidet med topplaget pågår må vegen opp til skulen stengast og det kan ikkje parkerast i nærleiken av bana. Det kan og kome (tilråda) avgrensingar på ferdsel til fots. Dette kjem av at sprayen er flyktig og set stygge merker. Syril kjem til å setja opp skilt når dette vert aktuelt, og skulen informerer tilsette og føresette nærare.

Syril skal dekke til murar, gjerder, klubbhus m.m. på dugnad. Nøyaktig tidspunkt er ikkje klart enno. Til dette treng me gode dugnadsfolk, minst 10 stk. Ta kontakt med Jørgen D. Eikenes på 91 37 28 22 for påmelding.

Status nye stadion

Baneentreprenøren har gjeve beskjed om ny utsetting. Konkret dato for oppstart er ikkje klart, men vert truleg i starten av august. Frå arbeidet med gummidekke tek til går det normalt 3 veker til ferdigstilling. Kommunen har kosta bana for oss, me ber brukarar unngå leik som grisar til asfaltdekket. Dette gjeld særskilt leik med sand i lengdegropene og grop for kulestøyt.

Seriestart fotball

Neste veke startar seriekampane for barne- og ungdomsfotballen. Det er per no kun opna for seriekampar for klubbar innad i same kommune. For Syril vil det sei at det vert litt kampaktivitet framover for laga våre, då me har ein del motstandarar innanfor kommunen vår. Det er kjekt at fotballen no kjem i gang med litt kampaktivitet. Og så håpar me at det snart opnar for kampar på tvers av kommunane og.

Heimekampane til Syril finn de her: https://syril.no/ball/fotball/kamp/

Informasjon om seriestart fotball

NFF Sogn og Fjordane har planlagt for oppstart av seriespelet for born og ungdom rett etter påske, samt seniorfotballen i slutten av april.

Med dagens restriksjonar og smitteutvikling nasjonalt har vi ikkje anna valg enn å utsette seriestarten.

Det blir ikkje opna for seriespel før det blir muleg å spele kampar på tvers av kommunar.

Vi har følgande scenario for barne- og ungdomsfotballen:
Dersom vi får beskjed frå myndigheitene om opning frå midten av april for barne – og ungdomsfotballen, ser vi føre å opne opp med seriespel for klasse 10 – 12 år frå veke 16, og for 13 – 17 år frå veke 17.

For barnefotballen – dersom oppstart i veke 16 spelar vi som planlagt, men med korrigering på enkelte kampdatoar. Dersom oppstart blir seinare enn veke 16, vil det bli vurdert heilårsseriar i alle klassane i barnefotballen og nye seriar blir eventuelt sett opp.

For ungdomsfotballen – dersom oppstart i veke 17 eller seinast starten på mai, vil vi sette opp kampar også i veka etter at skulen er ferdig, og ved behov oppsett av to kampar i veka for nokre seriar i nokre rundar.
Dersom oppstart blir seinare enn starten på mai, vil eit muleg alternativt vere å strekke vårsesongen til august.

Mens vi ventar på seriestart oppfordrar vi dei som har mulegheit til å spele treningskampar. Hugs å gjennomføre kampane i tråd med gjeldande smittevernsprotokoller.

Det pågår eit kontinuerleg og breidt arbeid på tvers av idrettar og kretsgrenser for å få åpna for treningskampar på tvers av kommunegrenser, og innafor i regionar, og vi håpar på ein snarleg avklaring.

For seniorfotballen – her er det også uvisst kor tid vi kan få lov å trene som normalt, samt komme i gang med kampane. Det vi kan informere om er at frå den dagen det blir lov med normal trening så vil klubbar og lag trenge ca. fire (4) veker til første kampen blir spelt. 
Eit scenario er seriestart 15.mai og eit anna er 1.juni/15.juni. Dersom det ikkje opnast opp før sommaren blir seriestarten muleg først i august.

Syril fotball treng dommarkontakt

Syril fotball treng dommarkontakt. Per no er det ingen som dekkar det vervet, og det må me ha på plass før kampane startar.

Oppgåvene til dommarkontakt er å fylgje opp dommarane våre (i samarbeid med dommargruppa), sette opp dommarar på kampane + miniputturnering, sørge for å sette opp klubbdommarkurs for nye dommarar, og ha oversikt over utbetaling av lønn til dommarane.

Ny dommarkontakt vil sjølvsagt kunne støtte seg på tidlegare dommarkontakt og styret i fotballgruppa.

Om kampane kjem i gang i april, hastar det med å få på plass ny dommarkontakt. Fint om nokon kan ta på seg denne oppgåva slik at me kan få gjennomført seriekampar når den tid kjem.

Ved spørsmål, ta kontakt med Birte A. Røysum, tlfnr 90 60 06 78, eller birte-a@hotmail.com