NFF Sogn og Fjordane har planlagt for oppstart av seriespelet for born og ungdom rett etter påske, samt seniorfotballen i slutten av april.
Med dagens restriksjonar og smitteutvikling nasjonalt har vi ikkje anna valg enn å utsette seriestarten.
Det blir ikkje opna for seriespel før det blir muleg å spele kampar på tvers av kommunar.
Vi har følgande scenario for barne- og ungdomsfotballen:
Dersom vi får beskjed frå myndigheitene om opning frå midten av april for barne – og ungdomsfotballen, ser vi føre å opne opp med seriespel for klasse 10 – 12 år frå veke 16, og for 13 – 17 år frå veke 17.
For barnefotballen – dersom oppstart i veke 16 spelar vi som planlagt, men med korrigering på enkelte kampdatoar. Dersom oppstart blir seinare enn veke 16, vil det bli vurdert heilårsseriar i alle klassane i barnefotballen og nye seriar blir eventuelt sett opp.
For ungdomsfotballen – dersom oppstart i veke 17 eller seinast starten på mai, vil vi sette opp kampar også i veka etter at skulen er ferdig, og ved behov oppsett av to kampar i veka for nokre seriar i nokre rundar.
Dersom oppstart blir seinare enn starten på mai, vil eit muleg alternativt vere å strekke vårsesongen til august.
Mens vi ventar på seriestart oppfordrar vi dei som har mulegheit til å spele treningskampar. Hugs å gjennomføre kampane i tråd med gjeldande smittevernsprotokoller.
Det pågår eit kontinuerleg og breidt arbeid på tvers av idrettar og kretsgrenser for å få åpna for treningskampar på tvers av kommunegrenser, og innafor i regionar, og vi håpar på ein snarleg avklaring.
For seniorfotballen – her er det også uvisst kor tid vi kan få lov å trene som normalt, samt komme i gang med kampane. Det vi kan informere om er at frå den dagen det blir lov med normal trening så vil klubbar og lag trenge ca. fire (4) veker til første kampen blir spelt.
Eit scenario er seriestart 15.mai og eit anna er 1.juni/15.juni. Dersom det ikkje opnast opp før sommaren blir seriestarten muleg først i august.