Då har Laiderz komme til Syril stadion og er i gang med å legge gummidekke. Anleggstida er venta å vere 3 veker, gitt at ver og vind er på lag. I denne perioden er det viktig at ingen tek seg inn på stadion. Anleggsgjerde er sett opp.
Den første tida skal det leggjast baselag, på slutten skal eit topplag sprayast på. Arbeidet med topplaget er venta å pågå i 3-5 dagar. Medan arbeidet med topplaget pågår må vegen opp til skulen stengast og det kan ikkje parkerast i nærleiken av bana. Det kan og kome (tilråda) avgrensingar på ferdsel til fots. Dette kjem av at sprayen er flyktig og set stygge merker. Syril kjem til å setja opp skilt når dette vert aktuelt, og skulen informerer tilsette og føresette nærare.
Syril skal dekke til murar, gjerder, klubbhus m.m. på dugnad. Nøyaktig tidspunkt er ikkje klart enno. Til dette treng me gode dugnadsfolk, minst 10 stk. Ta kontakt med Jørgen D. Eikenes på 91 37 28 22 for påmelding.