Alle innlegg av Syril

975 700 526 IDRETTSLAGET SYRIL Forening/lag/innretning Eggjavegen 12 6863 LEIKANGER LEIKANGER

Avkast

17.-18.september kastar Syril handball i gong sesongen med eit fullspekka arrangement som me naturleg nok har kalla


                          -A V K A S T-


Frode Kyvåg kjem fredag, og programmet for laurdagen vil tilby noko for både liten og stor. Her er det planlagt innlegg og aktivitet frå 9 år og oppover, og me har dialog med fleire kjende namn!

Arrangementet vil ha fokus på handball som idrett, men vil likevel vera lærerikt og nyttig for dei som er involverte i andre idrettar. Dette vil bli spesifisert i programmet som vert sendt ut seinare.


Me gledar oss stort til desse dagane, og håpar at de set av tida til å vere med å feire oppstarten på ein ny, og forhåpentlegvis betre, sesong!


Meir informasjon om program og påmelding kjem.

Status nye stadion

Baneentreprenøren har gjeve beskjed om ny utsetting. Konkret dato for oppstart er ikkje klart, men vert truleg i starten av august. Frå arbeidet med gummidekke tek til går det normalt 3 veker til ferdigstilling. Kommunen har kosta bana for oss, me ber brukarar unngå leik som grisar til asfaltdekket. Dette gjeld særskilt leik med sand i lengdegropene og grop for kulestøyt.

Havrane frå Geitadalen

Å gå frå Geitadalen om Tuftahaug til Havrane er eit lettare alterantiv enn frå Kvålen om Fadnastølen. Turen er på ca. 2 kilometer og det er ikkje mange høgdemeterane som skal forserast. På våren kan det vere litt vått i eller like etter snøsmeltinga. Stien vi bli merka opp att, men her er to videoar som tek deg fram til og tilbake frå Havrane. Du finn dei også på Trim-sida.

Alle trimpostane er no klare!

Trimposten på Nyanstøl (765 moh) i Kvinnedalen er komen på plass.

Kortaste alternativet er å parkere nær Eitorn og gå opp til klyngetunet Eitun før du følgjer stien opp og vestover, i retning Dalakleiv, Kvinna og Skoparsete. Like over husmannsplassen Trodlahaugen står det skilt. Lenke til tidspunkt i videoen Skjer-Skoparsete-Eitorn som viser skiltet og turen ned til Eitorn. Ved skiltet tek du av til Myrsete. Mellom skiltet og Myrsete har du den kraftigaste stigninga. Frå Myrsete held du fram nordover, i slakare terreng, inn Kvinnedalen, forbi Kluke, til du kjem til Nyanstøl.

Dersom du må parkere ute på ferjekaien, følg vegen mot Leikanger i ca 500 meter. Gå av ved starten av turen til Vassvarden og følg kjerrevegen opp til Vesterheim. Frå skulehuset held du fram austover, forbi Vesterheim, i retning klyngetunet Eitun. Like før Eitun følgjer du stien oppover mot elva Kvinna, som nemnt over.

Det er fleire flotte utsiktspunkt på turen og mange høgdemeter som gir god trim. Er du først på Nyanstøl, kan du like godt ta til venstre/vest og gå opp lia, nesten 300 høgdemeter, til Vassvarden for å sikre deg to klipp på ein tur.

Video frå turen kjem seinare i år.

Seriestart fotball

Neste veke startar seriekampane for barne- og ungdomsfotballen. Det er per no kun opna for seriekampar for klubbar innad i same kommune. For Syril vil det sei at det vert litt kampaktivitet framover for laga våre, då me har ein del motstandarar innanfor kommunen vår. Det er kjekt at fotballen no kjem i gang med litt kampaktivitet. Og så håpar me at det snart opnar for kampar på tvers av kommunane og.

Heimekampane til Syril finn de her: https://syril.no/ball/fotball/kamp/