Alle innlegg av Syril

975 700 526 IDRETTSLAGET SYRIL Forening/lag/innretning Eggjavegen 12 6863 LEIKANGER LEIKANGER

Skikarusell 2022

Skikarusellen på Kleppa startar 12. februar. Det er planlagt 5 renn i løpet av vinteren:

Laurdag 12. februar kl. 12-13

Laurdag 5. mars kl. 12-13

Laurdag 12. mars kl. 12-13

Laurdag 19. mars kl. 12-13

Laurdag 26. mars kl. 12-13 Premieutdeling/sesongavslutning kl. 13.30.

Deltakarane møter til start ved skihytta på Kleppa mellom dei oppgitte klokkesletta.

Skikarusellen er eit tilbod for born til og med 4. klasse. Startnummer, som gjeld alle karusellane, kostar 130 kroner og vert seld på Kleppa når det er karusellrenn. Startnummeret skal brukast på alle renna, og leverast inn etter siste rennet.

Fjellturar

Inntil to fjellturar til Øvstestølen kan telje med i karusellen. Det er lagt ut bok i varmebua. Vi tel med registreringar frå boka vart lagt ut og fram til og med 25. mars.

Premiering

Det blir gitt eitt poeng pr. karusellrenn/fjelltur. Det vert premiering for alle påmeldte deltakarar. Det vert premieutdeling laurdag 26. mars.

Birkebeinerrennet 2022

Me har tidlegare annonsert at 2022 vert vårt siste arrangement på Lillehammer og Birkebeineren Hotel & Apartment. Og det vedtaket står ved lag. Me har bestilt 7 leiligheiter og 4 doble rom. Det meste er på plass. Blir du med?

Det kritiske for oss er antalet på bussen; jo fleire, jo rimelegare. For å forsvare turen, må me vere 20 – 30 frå Sogn. Bussen kostar min kr 30.000. Leiligheiter kan me meir tilpasse etter antalet. Så kjenner du nokon som skal delta, så har me plass. Me har også plass til folk som vil ta turen, utan å gå rennet (sambuar, nabo, tidlegare løpar).

For å gi ein prisantydning ved 20 i bussen,  vil totalpakka koste ca kr 3500 (buss/ hus/ mat).

I tilfelle at det ikkje blir noko fellesarrangement, kan det vere at nokon er interessert i leilgheitene.

Gi oss ein rask tilbakemelding:

1.       Blir med på heile opplegget

2.       Blir med på hotell + buss til Rena

3.       Interessert i rom/ leigheit dersom fellesarrangementet vert avlyst

Svarfrist 10. februar.

Om du ynskjer å vere med, ta kontakt med Nils Henjum, Nils Magne Slinde eller Lars Magnar Røneid.

Skileik på Kleppa

Førstkommande torsdag startar skileik på Kleppa.

1.- 3.klasse: Torsdag kl.17.30 – 18.30

4. klasse og oppover: Torsdag kl. 18.30 – 20.00

Kvar aktivitet vil bli lagt ut på spond, slik at vi enkelt kan oppdatere i høve snøforhold. Trenarar vil vere frå foreldregruppa.

Vi legg opp til varierte leikar for å gi skiglede og dugleik basert på Norges skiforbund sine råd om aktivitet for barn.

Klepparennet

Syril inviterar til SSF Cup Klepparennet søndag 16.januar. Rennet startar kl.12, og stilarten er klassisk intervallstart.

Påmeldingsfrist er fredag 14.janaur kl. 23.59. Grunna restriksjonar med kohortar tek vi ikkje etterpåmeldingar.

Les meir om påmelding, premiering, klassar og distansar, start og anna informasjon her: Klepparennet

Blå diplom

På kretstinget i november fekk Elin Falkgjerdet og Birte A. Røysum tildelt blå diplom. Blå diplom vert utdelt for lengre innsats på klubbnivå. Premien er ein innramma diplom frå NFF Sogn og Fjordane.

Begge takkar klubben for nomineringa, og kretsen for tildelinga, det kom overraskande på. Dei føler seg priviligerte som har fått teke del i arbeidet i Syril fotball, og Elin vil spesielt trekke fram det vere lagleiar opp igjennom som ei oppgåve ho syns har vore ekstra kjekk. Der har ho vore i samarbeid med andre både sportsleg og sosialt. Det skapar minner for livet.

Begge oppfordrar om å melde seg til verv i fotballen og verte ein del av fotballfamilien. Det er svært givande.

Medlemsavgift 2022

Det nærmar seg nytt år, og me nyttar sjansen til å informere om betaling av medlemsavgift for 2022:

Familie* : 600 kr

Enkeltmedlem : 350 kr

Barn under 17 år : 250 kr

Kontonummer: 3781 07 31029

Merk innbetalinga med: Medlem <år> og namn på familiemedlemmar

Velkomen som medlem!

*) Eit familiemedlemskap dekkar born som bur på same adresse som forelder/foreldra. Dersom borna er studentar og bur borte for å studere, godtek vi at dei kan inngå i eit familiemedlemskap med forelder/foreldra.

Spørjeundersøking om bruk av ditt nærmiljø til fysisk aktivitet

Ein masterstudent ved høgskulen på Vestlandet arbeidar med eit prosjekt som har til hensikt i å få meir kunnskap om bruk av ulike anlegg til fysisk aktivitet. Målgruppa for prosjektet er alle mellom 15-19 år busatt i Sogndal kommune. Prosjektet er i samarbeid med Sogndal kommune, og vil bidra til kunnskapsgrunnlaget om ungdom sine aktivitetsvanar og –behov i kommunen, noko som er relevant for framtidig vurdering av anlegg- og aktivitetsbehov i kommunen. Spørjeundersøkinga er anonym og tek ca. 5 minutt å gjennomføra. Spørjeskjema er tilgjengeleg fram til 21.desember.

https://www.survey-xact.no/LinkCollector?key=79DQ9619U631