Blå diplom

På kretstinget i november fekk Elin Falkgjerdet og Birte A. Røysum tildelt blå diplom. Blå diplom vert utdelt for lengre innsats på klubbnivå. Premien er ein innramma diplom frå NFF Sogn og Fjordane.

Begge takkar klubben for nomineringa, og kretsen for tildelinga, det kom overraskande på. Dei føler seg priviligerte som har fått teke del i arbeidet i Syril fotball, og Elin vil spesielt trekke fram det vere lagleiar opp igjennom som ei oppgåve ho syns har vore ekstra kjekk. Der har ho vore i samarbeid med andre både sportsleg og sosialt. Det skapar minner for livet.

Begge oppfordrar om å melde seg til verv i fotballen og verte ein del av fotballfamilien. Det er svært givande.