Me har tidlegare annonsert at 2022 vert vårt siste arrangement på Lillehammer og Birkebeineren Hotel & Apartment. Og det vedtaket står ved lag. Me har bestilt 7 leiligheiter og 4 doble rom. Det meste er på plass. Blir du med?
Det kritiske for oss er antalet på bussen; jo fleire, jo rimelegare. For å forsvare turen, må me vere 20 – 30 frå Sogn. Bussen kostar min kr 30.000. Leiligheiter kan me meir tilpasse etter antalet. Så kjenner du nokon som skal delta, så har me plass. Me har også plass til folk som vil ta turen, utan å gå rennet (sambuar, nabo, tidlegare løpar).
For å gi ein prisantydning ved 20 i bussen, vil totalpakka koste ca kr 3500 (buss/ hus/ mat).
I tilfelle at det ikkje blir noko fellesarrangement, kan det vere at nokon er interessert i leilgheitene.
Gi oss ein rask tilbakemelding:
1. Blir med på heile opplegget
2. Blir med på hotell + buss til Rena
3. Interessert i rom/ leigheit dersom fellesarrangementet vert avlyst
Svarfrist 10. februar.
Om du ynskjer å vere med, ta kontakt med Nils Henjum, Nils Magne Slinde eller Lars Magnar Røneid.