Alle innlegg av Syril

975 700 526 IDRETTSLAGET SYRIL Forening/lag/innretning Eggjavegen 12 6863 LEIKANGER LEIKANGER

Sitteunderlag til utlån i Syrilkiosken

Brukarane på dagsenteret har strikka sitteunderlaga til utlån for tilskoderane på Syril stadion. Sitteunderlaga ligg i Syrilkiosken. Dei som låner dei må levera dei inn etter bruk. Sitteunderlaga tåler ikkje å ligge ute i regn og snø. 

Om nokon vil støtta oss kan dei gi oss eit bidrag i sparebøssa merka: “Dagsenteret”. 

Syril fotball takkar brukarane på dagsenteret for gåva, og håpar mange nyttar seg av dei, og gir bidrag til innkjøp av meir garn.

Trimkort 2022

Trimkorta er klare for sal, og straks på plass i butikkane

De kan kjøpe trimkort hjå Erling Røysum og Små Livsgleder. Same pris som før: kr. 50,- for trim-30 kort og kr. 100,- for trimkort turpostar. De kan betale kontant eller med vipps (til 88235). Om de betalar med vipps så husk å merke betalinga med «Trim» slik at inntekta går til trimgruppa. Generelt så oppmodar vi flest mogeleg om å betale med vipps.

Torill har og trimkort heime hjå seg som det er mogeleg å få kjøpt. Ta gjerne kontakt på førehand:

Torill: tlf. 97140861, Sjurli 7

Dersom de kjem til «våte» bøker eller «utskrivne» bøker så vil vi gjerne ha tilbakemelding om det, slik at vi kan få lagt ut nye bøker der det trengst.

Takk for fine foto-bidrag! Det er Bjørn Carlsen og Sigbjørn Råsberg som har levert bilda vi har brukt på trimkorta. Evelyn Saltnes Slinde har teke bildet som er brukt på innlegget her.

Til slutt vil vi takke sponsorane våre, Sogn Røyr AS og Byggmeister Langeteig & Volldal, for at de støttar trimgruppa sitt arbeid!

God trimsesong til alle!

Helsing oss i trimgruppa: Ingar Hals, Elianne Eggum, Renate Sæle og Torill Felde

Per vart takka av som leiar

På årsmøte i Syril Idrettslag torsdag 10.mars vart Per Hauge takka av som leiar i Syril Idrettslag etter 26 år. Per har gjort ein veldig god jobb for Syril i alle desse åra, og har sikra idrettslaget ein solid økonomi. Dette skuldast mellom anna mange store flyttedugnadar som Per har fått i stand og gjennomført på ein flott måte. I tillegg har han vore med å fått på plass større prosjekt og investeringar, som t.d nytt skitrekk på Kleppa, nye og moderne trakkemaskiner, ny og trygg syrilbuss, idrettshall, kunstgrasbane og nytt friidrettsstadion. Me takkar Per for den for den gode innsatsen han har gjort for idretten i bygda. Og så er me takknemlege for at han vil fungere som leiar fram til 1. september når ny leiar er på plass.

Skicross

Tid: Søndag 13.mars 2022, kl. 12.00

SYRIL inviterar til SSF Karusell Skicross. 

I skicross går deltakarane ein løype laga til med ulike element slik som storslalom, 180 grader svinger, orgeltramp og ulike andre hindre. Dette bidrar til utviklingen av skiferdigheter, men først og framst er det GØY!

For meir informasjon om kva skicross er, sjå https://www.skiforbundet.no/langrenn/skirenn/langrennscross/
Påmeldingsfrist fredag 11. mars kl 23:59. Etterpåmelding til rennleiar fram til start.

Rennleiar Torunn Grut
Mobil: 91740637,  torgru63@gmail.com

Påmelding og premiering

Påmelding her

  • Kontingent kr 70, vipps til 88235 eller til kontonr 3781 07 31029. Merk betaling med skicross og deltakarnamn. Dersom du ikkje meldar deg på via Min idrett, send også melding til rennleiar.
  • Premie til alle deltakarar
  • Løypa vil vere klar i løpet av laurdag føremiddag. Vi oppfordrar alle til å prøve løypa på førehand anten på laurdag eller søndag. Vi vil lage ei eiga lettare løype for dei minste årsklassane.

Klassar 

  • J/G 7 år og under 
  • J/G 8 år
  • J/G 9 år
  • J/G 10 år
  • J/G 11 år
  • J/G 12 år
  • J/G 13 år
  • J/G 14 år
  • J/G 15 år
  • J/G 16 år

Tidtaking

For alle under 12 år vil det bli gjennomført enkel tidtaking med stoppeklokke. For dei over 12 år vil konkurransen bli gjennomført med heat. Aldersklasser kan bli slått sammen for å lage heat. 

Covid-19/Smittevern

  • Ved symptom på sjukdom skal ein halde seg heime
  • Hugs god hand- og hostehygiene

Info om eventuelle endringar vil bli lagt ut på denne nettsida dagen før rennet.

Vel møtt til skirenn på Kleppa!

Skikarusell 2022

Me ynskjer at flest mogeleg betalar startkontingent, 130 kr på Vipps nr 88235 (Idrettslaget Syril) Merk med Skikarusell 22 Namn.

Me manglar ein del startnummer, fint om du tek med om du har. 

Ta også omsyn til at bilen er godt skodd før du køyrer opp, og parker med omsyn til at det kjem mange bilar denne dagen. 

Vel møtt til ein kjekk skitur med mykje snø. 

Og til slutt, me prøver å halda 1-meteren.