Alle innlegg av Arild Bjørk

http://bjrk.no/

Vassvarden – ny start

Starten på turen til Vassvarden er flytta 500 meter frå ferjekaien på Hella, i retning Leikanger. Inntil vidare parkerer ein på Hella.

VV-ny-start-2018-01

Skilt er sett opp i hagen like etter det siste huset, på oppsida av vegen, før du kjem til Hella. Skilta leier deg inn på ein gamal kjerreveg som går opp til garden Vesterheim. Etter ca 100 meter kjem du til ei hjortegrind. Pass på å lukke ho etter deg.

Kjerrevegen går sikksakk opp lia. Omtrent halvveges kan du stikke ut på svaberga og få med deg utsikt over fjorden og ferjetrafikken. Oppe på Vesterheim passerer du like under det gamle skulehuset. Etter vel 50 meter i retning garden Vesterheim, kjem du til eit nytt skilt som peikar deg i retning av stien opp til Rud.

Til slutt eit bilete av ryddegjengen. Hardt arbeid utan maskinelle hjelpemiddel som følgje av det tørre, flotte veret vi har hatt i lengre tid:
VV-ny-start-ryddegjengen
Stein Dyngen står bak kamera. Per Olav Henjum såg seg rundt på Vesterheim og var ikkje med på bilete.

Vassvarden – ei oppdatering

2018-05-29
Med hjelp av Odd Arve Rakstad og co satsar ein i første omgang på å rydde og merke den gamle kjerrevegen/stien frå Sanden opp til Vesterheim. På Vesterheim kan du velje om du vil gå etter merka sti opp til Ruud eller tilbake til Flete. Som du ser av kartet vil det siste bli ein omveg når ein skal opp på Vassvarden.

Planen er at det blir ein ryddeaksjon på måndag 4.6.2018 kl 16:00. Ein del mann med 4 motorsager har allereie meldt seg. Ein reknar med at jobben er gjort i løpet av kvelden. Vil du hjelpe til er det berre å ta kontakt på trim@syril.no.

Vassvarden på pause inntil vidare

Hella-VassvardenGrunneigar på Hella var i kontakt med meg og gav beskjed om at han ikkje ville ha turgåarar på privatvegen eller gjennom eigedomen sin lenger. Det lyt vi berre respektere.

Syril trim vil:

  • vurdere om det er mogleg å finne ein alternativ start i nærleiken, eller
  • ta ned og flytte posten til ein anna stad.

Med mindre du går opp frå andre stadar, ikkje ta turen til Vassvarden inntil vidare.

Opningstider i trekket

Vi gjer ei lita justering av opningstidene. Det betyr at du kan sove ein halv time lenger i helga 😉

Opningstider Frå Til
Tysdag (kveld) 18.00 20.30
Torsdag (kveld) 18.00 20.30
Laurdag 11.30 15.30
16.00 mars/april
Søndag  11.30 15.30
16.00 mars/april

Alle må retta seg etter skilt i bakken og respektere oppsette sperringar og andre sikringstiltak.

DET ER PÅBOD OM BRUK AV HJELM. (Gratis utlån også for vaksne)

Informasjon om Kleppa som inkluderer opningstider med meir finn du alltid her: Kleppa

Prisar i trekket vinteren 2017/-18

Kleppakort

Kleppakortet er eit universalkort, som dekker alle aktivitetar for heile familien (event. Barn/vaksen) på Kleppa ein vintersesong. Kortet dekkar slalombakken, skikarusellar og (lys)løypeavgift.

Kleppakortet er for sal i vaktbua kontant, eller kan betalast til bankkonto 3781.07.31029 eller med VIPPS til 88235 merka med Kleppakort og namn. Me oppmodar om at ein betaler via bank eller VIPPS.

  Barn 0-6 år Barn 7-15 4. klassing Vaksne Familie
Kleppakort Gratis 1 000 Gratis 1 000 2 500

Plastlommer til å festa kortet om armen er til sals i vaktbua for kr 20. Alle i familien vil få utskreve eige kort. Kort kan ikkje overdragast til andre. Alle må bera kortet synleg på høgre overarm.

Dags-, kveldskort og enkel tur

  Barn 0-6 år Barn 7-15 4. klassing Vaksne Familie
Dagskort Gratis 120 Gratis 120 250
Kveldskort Gratis 70 Gratis 70 150
Enkel tur Gratis 20 Gratis 20 50

Betal kontant eller med VIPPS til 88235. Merk betalinga med DagskortKveldskort eller Tur.

Plastlommer til å festa kortet om armen er til sals i vaktbua for kr 20. Alle i familien vil få utskreve eige kort. Kort kan ikkje overdragast til andre. Alle må bera kortet synleg på høgre overarm.

Oppdaterte prisar vil ein alltid finne her: https://syril.no/anlegg/kleppa/

Skitrening – langrenn

Syril skitrening, 4.-6. klasse på Kleppa, torsdagar kl. 18.30. Trenar Kristine L. Røyseth.

Syril skitrening, 12-19 år, torsdagar kl. 18.30 på Kleppa. Trenar Simen Bækken.

Felles skitrening for 12-19 år i Sogn, måndagar kl. 18.30, for stad sjå: https://www.facebook.com/search/top/?q=sognalangrenn. Trenar: Simen Bækken.

Trekning Syril Trim

I kveld var det trekning for dei som har delteke og fullført Syril sitt turpostprogram og Trim 30. Premiane i år er gåvekort à kr 1.000 for turpostane og kr 500 for Trim 30. Ei stor takk til Erling Røysum AS og Små livgleder for delsponsing av premiane som gjer at vinnarsjansen blir enda høgare.

Erling Roysum Små livsgleder

Vinnarar av turpost 2017 og gåvekort à kr 1.000:

  1. Rita Steig *
  2. Ingrid Rishovd
  3. Anne Liv Røysum
  4. Kjell Remø
  5. Steinar Fredheim
  6. Linda Grepstad Grinde
  7. Lena Steig
  8. Randi Fikerud Njøs
  9. Hildegunn Høgheim
  10. Ida Bjørk
  11. Ove Andre Slinde
  12. Marie Bremer Remø *
  13. Per Olav Henjum

Vinnarar av Trim 30 og gåvekort à kr 500:

  1. Elisabeth Bernhardsen
  2. Arvid Mellingen
  3. Per Olav Henjum
  4. Linda Føleide Skinlo
  5. Johannes Hamre
  6. Per Høgheim
  7. Heidi Askestad
  8. Torill Felde
  9. Roar Vangsnes *
  10. Bente Olsmo Høgheim *

Vinnarar av Trim 30 (barn) og gåvekort à kr 500:

  1. Vegard Olsmo Oen
  2. Anna Felde Hasund

*) Gåvekort frå Små livsgleder

Premiar er på veg ut til dei heldige vinnarane!

PS! Bli med neste år du òg. Vinnarsjansen er laaaaangt høgare enn for tipping og Lotto.

 

Syril ski ønskjer velkomen til barmarkstrening hausten 2017

For 4. – 6. klasse, variert trening med leik og konkurransar. Oppmøte på barneskulen kl. 18 måndagar (start 23. oktober). Refleksvest. Trenar: Kristine Linde Røyseth.

For 13 – 19 år, intervalltrening i Henjabakkande. Oppmøte ved Difi onsdagar kl. 18.30 (start 25. okt.). Refleksvest, hodelykt (dei som har). Trenar: Eivind Brendehaug.

For 12 – 19 år, fellestrening Sognalangrenn, sjå plan under for tid og stad (https://www.facebook.com/search/top/?q=sognalangrenn). Vi organiserer felles køyring frå/til Leikanger. Kontakt Eivind Brendehaug, 95 19 17 52.

Tid Plass Innhald Trenar
23.10 kl 18:30 Kaupanger, klubbhuset Løpeøkt i lysløypa – Elghufs/intervallar Simen + KIL
30.10 kl 18:30 Heggmyrane Elghufs i alpinbakken eller i skiløypa Simen
6.11 kl 18:30 Leikanger, ved DIFI Elghufs med stavar Simen
13.11 kl 18:30 Sogndal, Kvåle stadion Elghufs med stavar Simen
20.11 kl 18:30 Kaupanger, klubbhuset Løpeøkt i lysløypa – intervallar KIL
27.11 kl 18:30 Heggmyrane Elghufs i skiløypa Simen

Syril handball med eige VIPPS-nummer

All betaling som gjeld handball skal bruke dette nummeret.

syril handball-vipps-liten

For å hjelpe Syril å føre inntekter korrekt, venlegast skriv ei kort melding om kva innbetalinga. Eksempel på korte meldingar på Vipps-betalingar er:

  • Kiosk
  • Billett

Om du betalar treningsavgift med meir, skriv du i meldinga det du ville ha skrive på ei bankinnbetalinga.