Starten på turen til Vassvarden er flytta 500 meter frå ferjekaien på Hella, i retning Leikanger. Inntil vidare parkerer ein på Hella.
Skilt er sett opp i hagen like etter det siste det siste huset, på oppsida av vegen, før du kjem til Hella. Skilta leier deg inn på ein gamal kjerreveg som går opp til garden Vesterheim. Etter ca 100 meter kjem du til ei hjortegrind. Pass på å lukke ho etter deg.
Kjerrevegen går sikksakk opp lia. Omtrent halvveges kan du stikke ut på svaberga og få med deg utsikt over fjorden og ferjetrafikken. Oppe på Vesterheim passerer du like under det gamle skulehuset. Etter vel 50 meter i retning garden Vesterheim, kjem du til eit nytt skilt som peikar deg i retning av stien opp til Rud.
Til slutt eit bilete av ryddegjengen. Hardt arbeid utan maskinelle hjelpemiddel som følgje av det tørre, flotte veret vi har hatt i lengre tid:
Stein Dyngen står bak kamera. Per Olav Henjum såg seg rundt på Vesterheim og var ikkje med på bilete.