Lang fotballhelg 6. og 7. februar

Laurdag 6. og 7. februar er det KM Innandørs for aldersbestemt fotball. Kampoppsettet er klart og det blir lange dagar med mykje fotball i Leikangerhallen. Laurdag startar vi kl 10:00 og avsluttar rundt 19:30. Søndag er vi i gong att kl 08:40 og siste kamp går etter planen kl 21:00. Med andre ord vert det ikkje mykje kvile for ein fotballinteressert denne helga.

Kiosken er open med variert tilbod og tribuna har god plass. Ta med godt humør og hei laga fram til siger.

Bankgiro med medlemskort sendt ut

Denne veka har dei fleste i Leikanger fått bankgiroen med medlemskort i posten. Dei som ikkje har fått bankgiroen, kan gå innom Sparebanken Sogn og Fjordane på Hermansverk.

For dei som betalar på nett, hugs å be om oblat/etikett for betalinga til å klistre på medlemskortet.

I medlemskontigenten inngår forsikring av barn under 13 år. Medlemskortet gir medlemsrabatt hjå Erling Røysum AS.

Klepparennet, søndag 7. februar kl 13:00

Rennet vil gå i fristil med 30 sekund startintervall, og vere for klassane 16 år og nedover. Rennet vil bli arrangert i samarbeid med skikarusellen.

Gutar Løypelengde Jenter Løypelengde
15-16 år 5 km 15-16 år 5 km
13-14 år 3 km 13-14 år 3 km
11-12 år 2 km 11-12 år 2 km
10 år og yngre 1 km 10 år og yngre 1 km

Rennleiar: Rune Henjesand, 957 81 492

Klepparenn 2011

Laurdag – første skikarusell

Barneski-002Årets skikarusell på Kleppa startar no på laurdag 23. januar. Vi satsar på at forholda held seg så det framleis vert fint å gå nede på Kleppa.

Påmelding og utdeling av startnummer er i skihytta. Start mellom kl. 13 og 14. Det er open kiosk.

Barneskigruppa er klare til innsats, og håpar at det kjem mange unge og ivrige skiløparar!

Mari og Øyvind til VM i telemark

Skiforbundet melder at Syril får med 2 deltakarar til WC og junior-VM i Frankrike.

WC og junior-VM Frankrike
Øyvind Vagstad, Syril IL
Amund Møster Haugen, Fjellguten Skilag
Sondre Støve, Åndalsnes IF
Kristian Lauvik Gjelstad, Morgedal IL
Mikkel Nygaard Løken, Bækkelaget SK
Erik Kvernberg, Eidsvågen IL
Guro Kjølseth, Nordre Land IL
Gøril Strøm Eriksen, Bækkelaget SK
Julie Dahle, Åndalsnes IF
Mari Felde Liljedal, Syril IL

Intervju med våre representantar finn du hjå NRK Sogn og Fjordane.

God helg for Syril telemark

Helga 16 og 17.1 var det NorgesCup Telemark på Sogn Skisenter. Syril gjorde god figur. Mari Felde Liljedal tok sigeren i NC Telemark Klassisk i klassen kvinner, junior (17-21 år).

Ei oppsummering av helga finn du på sidene til Skiforbundet under telemark.

Fullstendige resultatlister finn du her:

 

Gode Syril resultat KM langrenn

Alle syril sine løparar kom vidare frå prologen til sprintfinalane i KM på Langeland. I finalane kom

  • Edvard Grut Andersen på 1. plass,
  • Erlend Henjesand på 2. plass,
  • Sverre L Røyseth på 3 plass, og både
  • Klaus Mjelstad, Marte L Røyseth, Andreas Mjelstad og Trygve Brendehaug på 4. plass i sine finalar.

Erlend og Klaus fekk også flotte 3. plassar i friteknikk, medan Edvard viste at han kjem til å hevde seg godt i seniorklassen neste år. Alle resultat finn du her: http://www.fordelangrenn.no/

 

Skikarusell på Kleppa 2016

Skikarusellen på Kleppa startar 23. januar. Det er planlagt 6 renn i løpet av vinteren:

  1. Laurdag 23.januar kl. 13-14
  2. Laurdag 30. januar kl. 13-14
  3. Søndag 7.februar, Klepparennet
    Tidspunkt ikkje avklara.
  4. Laurdag 27. februar kl. 13-14
  5. Laurdag 5.mars kl. 13-14
  6. Laurdag 12.mars kl. 13-14
    Premieutdeling/sesongavslutning kl. 14.30.

Deltakarane møter til start ved skihytta på Kleppa mellom dei oppgitte klokkesletta. Det kan bli aktuelt med ski-instruksjon ein eller fleire gonger i samband med skikarusellen, datoar for dette kjem vi tilbake til.

Skikarusellen er eit tilbod til born til og med 4. klasse. Startnummer, som gjeld alle karusellane, kostar 100 kroner og vert seld i skihytta når det er karusellrenn. Det er gratis å vere med for dei som har Kleppakort. Startnummeret skal brukast på alle renna, og leverast inn etter siste rennet.

Fjellturar
Inntil to fjellturar til Øvstestølen kan telje med i karusellen. Det er lagt ut bok i varmebua. Vi tel med registreringar frå boka vart lagt ut og fram til og med 6. mars.

Premiering
Det blir gitt eitt poeng pr. karusellrenn/fjelltur. Det vert premiering for alle med 4 poeng eller meir. Premieutdeling laurdag 12. mars.

Distansemerke: Det vert lagt ut foldarar for distansemerke på Skihytta. Evt. kjøp av distansemerke må den enkelte familie syte for sjølv.

Skikarusell 2016

Syrstrond Idrettslag