Stikkordarkiv: VM

Hjalmar og Danmark mot Klæbo og Norge i Team Sprint

Det er duka for Team-Sprint under Ski-VM frå kl.11 på NRK 1 i dag. Hjalmar Michelsen vil kjempe som ein av to utvalde på det danske laget. Her vil det danske laget kunne møte lag som Norge, Sverige og Russland. Følg med på NRK 1 frå kl. 11 søndag. Me heiar og ynskjer Hjalmar lukke til!

Hjalmar Michelsen til Ski-VM i Oberstdorf

VM langrenn Oberstdorf 2021

Hjalmar Michelsen frå Syril er teken ut til å representere Danmark under VM i Oberstdorf i Austerrike. VM går av stabelen i perioden 25.februar til 7.mars. Hjalmar er teken ut til sprint, men skal og gå kvalifisering til 15 km Fristil, og vere aktuell i uttaket til Team – Sprint.

Her vil han konkurrere mot verdenseliten med Klæbo, Bolsjunov og Iversen i spissen. I 2020 fekk Hjalmar sin internasjonale debut, då han leverte gode prestasjonar under Ungdoms-OL i Laussane.

Me gratulerar Hjalmar så mykje og ynskjer han lukke til i VM!

Link til VM-program: https://www.skiforbundet.no/sogn-og-fjordane/nyhetsarkiv/2021/2/hjalmar-klar-for-vm-i-oberstdorf/#mobileNavigation

Mari og Øyvind til VM i telemark

Skiforbundet melder at Syril får med 2 deltakarar til WC og junior-VM i Frankrike.

WC og junior-VM Frankrike
Øyvind Vagstad, Syril IL
Amund Møster Haugen, Fjellguten Skilag
Sondre Støve, Åndalsnes IF
Kristian Lauvik Gjelstad, Morgedal IL
Mikkel Nygaard Løken, Bækkelaget SK
Erik Kvernberg, Eidsvågen IL
Guro Kjølseth, Nordre Land IL
Gøril Strøm Eriksen, Bækkelaget SK
Julie Dahle, Åndalsnes IF
Mari Felde Liljedal, Syril IL

Intervju med våre representantar finn du hjå NRK Sogn og Fjordane.