Syriljenter uttekne i Team Sogn og Fjordane

For perioden 1.feb-30.jun 2017 er følgjande spelarar frå Syril uttekne i NFF Sogn og Fjordane si satsingsgruppe for jenter:  TEAM Sogn og Fjordane

Synne Gjerde f. 2001

Nora Henjesand f.2003

Trenar for TEAM Sogn og Fjordane er Jan Tore Jåstad og Runar Tangen (keeper).

Foreløpig aktivitetsplan er:

Laurdag 11. februar – Oppstartssamling i Førde

Onsdag 1. mars – Kaupanger, kamp mot KIL damer

Syril Fotball gratulerar med uttaket og ynskjer lukke til!

Jan Tore Slinde, Sportsleg leiar

Delta på Klepparennet 2017

Tid: 11. mars 2017 kl. 13

Stad: Kleppa på Leikanger

Stilart: Fristil

Vert arrangert saman med Skikarusellen (start ca 13.30)

Startrekkefølgje:

15-16 år: 5 km

13-14 år: 3 km

11-12 år: 2 km

10 år og yngre: 1 km

Skikarusellen

Kiosk

Premieutdeling rett etter rennet.

Påmelding Klepparennet: nmslinde@frisurf.no

Frist for påmelding: 9. februar

Velkomen til ein fin skidag på Kleppa!

J2003 Akademiserien våren 2017

Følgande spelarar fra Syril J2003 er tatt ut i bruttotroppen til Akademiserien våren 2017:

Nora Henjesand

Snit Ogbai

Kine C. Stokkenes

Runa Vangsnes

Silje Nesdal

I år er soneaktiviteten for jenter 2003 organisert i samarbeidsklubbane til NFF Sogn og Fjordane, og for Sogn jenter 2003 betyr dette at Kaupanger IL har ansvaret for trening og kampar.

Kaupanger organiserer treningane etter Landslagsskulen, som alle krets- og sonetiltak skal organiserast etter.

 Akademiserien for Sogn J-03 ser slik ut:

Laurdag 11.mars – Akademiserien, runde 1, Nordfjordeid

Sundag 20.august – Akademiserien, runde 2, Førde

Laurdag 25.november – Akademiserien, runde 3, Sogndal

Treningssamlingar blir følgjande datoar fram til sommaren:

Sundag 26.februar – Kl. 1100

Laurdag 25.mars – Kl. 1100

Laurdag 8.april – Kl. 1100

Laurdag 22.april – Kl. 1100

Laurdag 13.mai – Kl. 1100

Laurdag 27.mai – Kl. 1100

Laurdag 10.juni – Kl. 1100

Syril Fotball gratulerar med uttaket og ynskjer lukke til.

 Jan Tore Slinde, Sportsleg leiar

Prisar for Kleppa 2017

Syril held prisen stabilt på 2016-nivå for 2017. Ein slik deal får du ikkje mange andre stadar 😉

Kleppakort 2017

Kleppakortet er eit universalkort, som dekker alle aktivitetar for heile familien (event. Barn/vaksen) på Kleppa. Årskortet i slalombakken, skikarusellar, lysløypeavgift og treningsavgift langrenn («Løypeavgift Kleppa»).

Kleppakortet er for sal i vaktbua eller til bankkonto 3781.07.31029 merka med Kleppakort og namn. Me oppmodar om at ein betaler på nett.

  Barn 0-6 år Barn 7-15 Vaksne Familie
Kleppakort Gratis 800 800 2 000
Dagskort Gratis 100 100 200
Kveldskort Gratis 60 60 120
Enkelttur Gratis 20 20 40

Plastlommer til å festa kortet om armen er til sals i vaktbua for kr 20.

Alle i familien vil få utskreve eigne kort. Kortet kan ikkje overdragast til andre. Alle må bera kortet synleg på høgre overarm.

Løypeavgift 2017

Avgifta dekker drift- og vedlikeholdkostnader for trakkemaskiner, lysanlegg og løyper. Løypeavgifta kan betalast direkte på nettbank eller med kontantar i vaktbua/skitrekket. Minner om at løypeavgifta er inkludert i Kleppakortet.

Løypeavgift Kleppa kan betalast til Syril sin bankkonto 3781.07.31029 og merkast med namn og Løypeavgift Kleppa.

Alder Pris
Småbarn 0-6 år Gratis
Person 500
Familie Alle i familien 800

Alt om Kleppa

Alt om Kleppa finn du under https://syril.no/anlegg/kleppa/. Mellom anna finn du ei lenke til skisporet der. Du får full oversikt over når trakkemaskina sist køyrde opp løyper og preparerte bakken.

Syrstrond Idrettslag