Syril held prisen stabilt på 2016-nivå for 2017. Ein slik deal får du ikkje mange andre stadar 😉
Kleppakort 2017
Kleppakortet er eit universalkort, som dekker alle aktivitetar for heile familien (event. Barn/vaksen) på Kleppa. Årskortet i slalombakken, skikarusellar, lysløypeavgift og treningsavgift langrenn («Løypeavgift Kleppa»).
Kleppakortet er for sal i vaktbua eller til bankkonto 3781.07.31029 merka med Kleppakort og namn. Me oppmodar om at ein betaler på nett.
Barn 0-6 år | Barn 7-15 | Vaksne | Familie | |
Kleppakort | Gratis | 800 | 800 | 2 000 |
Dagskort | Gratis | 100 | 100 | 200 |
Kveldskort | Gratis | 60 | 60 | 120 |
Enkelttur | Gratis | 20 | 20 | 40 |
Plastlommer til å festa kortet om armen er til sals i vaktbua for kr 20.
Alle i familien vil få utskreve eigne kort. Kortet kan ikkje overdragast til andre. Alle må bera kortet synleg på høgre overarm.
Løypeavgift 2017
Avgifta dekker drift- og vedlikeholdkostnader for trakkemaskiner, lysanlegg og løyper. Løypeavgifta kan betalast direkte på nettbank eller med kontantar i vaktbua/skitrekket. Minner om at løypeavgifta er inkludert i Kleppakortet.
Løypeavgift Kleppa kan betalast til Syril sin bankkonto 3781.07.31029 og merkast med namn og Løypeavgift Kleppa.
Alder | Pris | |
Småbarn | 0-6 år | Gratis |
Person | 500 | |
Familie | Alle i familien | 800 |
Alt om Kleppa
Alt om Kleppa finn du under https://syril.no/anlegg/kleppa/. Mellom anna finn du ei lenke til skisporet der. Du får full oversikt over når trakkemaskina sist køyrde opp løyper og preparerte bakken.