Esefjorden rundt, 1. mai

venstreSyril har motteke invitasjon til Esefjorden Rundt. Løpet eller turen er 8,5 km langt og går på asfalt utan særleg høgdeskilnad. For å komme til startplassen på Tjugum, tek ein skyssbåt frå Holmen (sentrum) over fjorden. Start ved Tjugum kyrkje nær Dragsvik og mål ved festplassen «Balahaugen» ca. 1 km frå sentrum.

Aktive kan delta på tid. Andre (store og små) kan ta det som ein triveleg trimtur. Her finn du meir info, påmeldingsskjema og programbladet. Årets tema er «Keipenprosjektet»: http://esefjorden.balestrand-il.no/.

Minner om medlemsavgift

Ny sesong er i gang og alle som deltek på treningsaktivitetar i regi av Syril må betale medlemskap. Medlemsskap inkluderer følgjande forsikring. Informasjon om medlemsavgifta finn du alltid her: https://syril.no/idrettslaget/medlemsavgift/

FAMILIE 500
ENKELTMEDLEM 350
BARN UNDER 17 ÅR 250

Kontonummer: 3781 07 31029
Merk innbetalinga: Medlemsavgift <år> og namn på familiemedlemer

Det vert ikkje lagt eller sendt ut bankgiroar. Ta utskrift eller bilde av kvittering på betaling i nettbanken din. Kvitteringa på betalt medlemsavgift er ditt medlemskort!

Syril anonym kvittering

Resultat frå Klepparennet 2017

G15 – 5 km

Plass Startnr Navn Klubb Tid
1 3 Hjalmar Michelsen Syril 00:12:13
2 2 Håkon Aa Albertsen Kaupanger IL 00:12:26
3 1 Sverre Linde Røyseth Syril 00:12:58

G13 – 3 km

Plass Startnr Navn Klubb Tid
1 4 Gard Reppen Vigdal Jotun IL 00:06:28
2 6 Sedrik Kauppi Norheim Hafslo IL 00:06:48
3 5 Mathias Holen Vik IL 00:06:59
4 7 Håvard Sie IL Bjørn 00:07:46

G11 – 2 km

Plass Startnr Navn Klubb Tid
1 15 Jonas Hellebø Jotun IL 00:07:19
2 16 Jonas Walaker Jotun IL 00:07:45
3 13 Sigurd Ylvason Hodnesdal Syril 00:08:33

I 10 år og yngre deltok:

Startnr Navn Klubb Klasse
21 Johan Felde Hasund Syril G10 – 1 km
22 Christoffer Amundsen Syril G9 – 1 km
23 Leon Tveito Kaupanger IL G9 – 1 km
24 Jonas Hagenlund Steig Syril G9 – 1 km
25 Andrea Amundsen Syril J9 – 1 km
26 Anna Felde Hasund Syril J8 – 1 km
28 Maja Rydningen Hamre Syril J8 – 1 km
29 Johan Stormyr Lund Kaupanger IL G8 – 1 km
30 Nikolai Aase Haugen Syril G7 – 1 km
31 Emil Steinsøy Kvam Syril G7 – 1 km

Trimkorta 2017 er i sal!

Turpost 2017Trim 30 2017No er vårvarmen på veg og Syril Trim er klar. Klyppekort kan kjøpast hjå Små Livsgleder og Erling Røysum AS.

  • Kort for alle 20 trimpostane til kr 100.
  • Kort for 30 klypp (Trim 30) for dei som vil gå på nokre av postane, fleire gonger til kr 50.

Om du ikkje har kontantar med deg i butikken, VIPPS beløpet til 88235 med tekst «Trim» frå butikken så får du utlevert kort.

Born: Eigen trekning for barn fødd i 2002 og seinare blant Trim 30-kort med minimum 20 klypp. Hugs å skriva fødselsåret på kortet før innlevering i haust!

Korta kan kombinerast. Kjøper du begge, treng du berre 10 ekstra klypp/turar for å få fullt Trim 30-kort.

Flotte premiar blir trekt etter sesongen mellom innleverte kort. Før innlevering hugs å skrive namn og tlf.nr og evt. fødselsår på baksida av korta

Nytt i 2017

Klyppetenger er flytta:

  • Hangsete går ut til fordel for Våkeldahaug (utsiktspunktet nær Kyrafossen) slik at ein får to utsiktspunkt som tek pusten av deg i Njøs-området.
  • På grunn av anleggsarbeidet i Huksdalen fram til og med 2018, vel vi å ta ein pause frå Stavsete og Nyastøl. Hest og Smørklett kjem inn att på trimprogrammet.

Det vil i løpet av sommaren bli etablert post med bok, ikkje klyppetang, ved stølsområdet i Friksdal. Ivar Henjum er sett på saken. Kanskje vankar det ein kopp kaffi når du stikk forbi.

Kart over postar

Raude stjerner = bok og tang. Blå stjerner = berre bok. Klikk på bilete for større utgåve!

kart-over-turpostar-2017

 

Syrstrond Idrettslag