Vintertrening Syril fotball

Syril fotball har sett ned ei gruppe som har sett på alternativ for vintertrening. I dokumentet finn de utgreiingar som gruppa har gjort. Merknadar og synspunkt kan meldast til Runa Aaland Eggum på epost runaeggum@gmail.com, eller telefon 957 56 106 innan 20.oktober 2020. Etter dette vil styret fatte vedtak om kva alternativ ein skal arbeide vidare med. 

Alternativ for vintertrening Syril fotball

Syril fotball er og interessert i å kome i kontakt med personar i Syril som kan tenke seg å bidra med vedlikehald og anna knytt til kunstgrasbana. Om nokon tenker dei kan bidra her, er det berre å ta kontakt. 

Bana stengt for trening og publikum

Laurdag 19.september og sundag 20.september skal Syril arrangere miniputturnering. Med reglane for korona på arrangement, kan ikkje andre enn deltakarar på turneringa opphalde seg på bana/publikumsområde/ved utstyrsrom og garderobeanlegg medan turneringa pågår. Turneringa er ikkje ope for publikum, anna enn den som følgjer spelar på turnering. Tidsrom for turnering er kl. 10-17.30 begge dagar. Ver venleg å ikkje oppsøk baneområdet på denne tida.

Leiar barneidrett

SYRIL sitt årsmøte klarte ikkje å finne nokon til å leie barneidrettsgruppa i år. Det vert diverre ingen aktivitet for dei yngste dersom ingen vil ta på seg denne oppgåva. Det er synd for ungane som då ikkje får eit slikt tilbod i vinter. Vi håpar difor at noko som les dette ønskjer å hjelpe til med dette. Send i så fall ein epost til post@syril.no.

Bana stengt for trening og publikum

Laurdag 29.august og sundag 30.august skal Syril arrangere miniputturnering. Med reglane for korona på arrangement, kan ikkje andre enn deltakarar på turneringa opphalde seg på bana/publikumsområde/ved utstyrsrom og garderobeanlegg medan turneringa pågår. Turneringa er ikkje ope for publikum, anna enn den som følgjer spelar på turnering. Tidsrom for turnering er kl. 9-16.30 begge dagar. Ver venleg å ikkje oppsøk baneområdet på denne tida.

Registrering av publikum på Syril stadion

No er det laga QR-kode for registrering i høve smittesporing.

Alle som er publikum på kampar på Syril sine anlegg må registrere seg med namn og telefonnummer. Skriv og opp barn du har med.

Framgangsmåte:

  • Gå inn på kamera
  • Hald kamera over kode
  • Følg link som kjem opp på skjermen
  • Registrer deg

Dei som ikkje har anledning til å scanna kode, må registrere seg på papir som vanleg. Kampvert er ansvarleg for registrering.

Registreringa vert oppbevart i 14 dagar for mogeleg smittesporing.

Velkomen til kamp på Syril stadion!

Dugnad Syril stadion

Hei

Yes, no må me trø til! Det blir legging av rulleplen til helga, på fredag og laurdag (21 og 22). Syril sparar 100 000 kr på denne dugnaden, her har me god timebetaling. Det er denne helga det er mogleg å gjennomføre på grunn av anlegget elles, så her må Syril syna at me kan få jobben gjort!

Arbeidet organiserast i tre økter:

Fredag 21.08: 1700 – 2100

Laurdag 22.08: 0900 – 1500 og 1700 – 2100

Me treng om lag 15 personar tilstades under alle øktene. Me tenker å organisere arbeidet i arbeidslag a 4 – 5 personar.

Det trengs kun arbeidshanskar, sterk rygg og godt humør for å vere med på dugnad. Arbeidet er enkelt, men ein risikerer å få litt trening!

Per Hauge er dugnadsleiar og vil vere tilstades.

Påmelding til dugnad kan gjerast ved å kontakte Kitty Krosshaug på e-post: kittyrenate5@hotmail.com

Tek nokon utfordringa og stiller på to, eller til og med alle tre øktene?

Vel møtt til dugnad!

Raudmerka til Sumhaug

Stien frå Geitadalen, inn Hottadalen, framover Seltuftebotnen, under Geitenipene og forbi Skitbrekkene og Kalvavatnet har fått raud merke. Det meste av klopper, i dei våtaste partia, har grunneigarane lagt på plass til månadsskiftet. Du kjem ut på stien til Sumhaug i underkant av Fjærlandssete. Å gå via Hottadalen er noko kortare enn Kløvjavegen (til Fjærlandssete) og byr på mindre skog og betre utsikt. Prisen er at du må ta litt meir stigning den første tredjedelen før du skråar nedover mot Kalvavatnet.

Stien vidare til Sumhaug er no raudmerka heilt fram til posten. På turen skal du passere mellom Kringlevatnet og Fjærlandssetevatnet. Litt før Steintjern og området overfor Sumhaug, er det store steinar å gå på over vatn. Du slepp å gå rundt heile Steintjern-området.

Etter at du har passert Steintjern, snur du nasen nordover og endar opp ved utløpet av Fjærlandssetevatnet. Vil du over til Sumhaug, er de berre å stige frå stein til stein og gå bort til stølsbøen. God tur!

Her er nokre bilete frå 1. august 2020:

Syrstrond Idrettslag