Trimkorta 2023 er i sal!

De kan kjøpe trimkort hjå Erling Røysum og Små Livsgleder. Same pris som før:

  • kr. 50,- for trim-30-kort og
  • kr. 100,- for trimkort turpostar.

De kan betale kontant eller med vipps (til 88235). Om de betalar med vipps så husk å merke betalinga med «Trim» slik at inntekta går til trimgruppa. Generelt så oppmodar vi flest mogeleg om å betale med vipps.

Eva har trimkort heime hjå seg som det er mogeleg å få kjøpt. Ta gjerne kontakt på førehand: Eva: tlf. 90559818, Hagavegen 3.

Dersom de kjem til «våte» bøker eller «utskrivne» bøker så vil vi gjerne ha tilbakemelding om det, slik at vi kan få lagt ut nye bøker der det trengst.

Til slutt vil vi takke sponsorane våre, Sogn Røyr AS og Byggmeister Langeteig & Volldal, for at de støttar trimgruppa sitt arbeid!

God trimsesong til alle!

Helsing oss i trimgruppa:
Ingar Hals, Elianne Eggum, Renate Sæle og Eva Hamre

Flott innsats av Syril på Breimstafetten

Etter god innsats vart det eit bra resultat av Syril-gutane på Breimstafetten 7. mai. Syril endte på 6. plass av 9 lag i guteklassa – meget bra tatt i betraktning at dei fleste på Syril hadde aldri vore med på eit friidrettsarrangement før!

Fint comeback av Syril i det flotte vårveret på og rundt Reed stadion – mange år sia sist på Breim, og flott initiativ av dei involverte.

På laget sprang Christoffer Amundsen, Olav Brudvik Sunde, Lars Flatabø Kleiven, Nikolai Haugen, Anders Brennset Gjerland, Håvard Brennset Gjerland, Tarjei Fykse Lomås og Sondre Tveit Eggum🤗

Sjå meir på https://www.breimstafetten.no/.

#FotballtrøyeFredag

I dag er det fotballtrøyefredag.

Kampanjen er ein årleg markering av Barnekreftforeningen sitt arbeid i kampen mot barnekreft. Dette kan du lese meir om her: #fotballtrøyefredag  

Syril nytta anledninga til å markere dette under kampen mellom Syril og Vik G13/14 torsdag kveld. Syril fotball donerer inntektene frå kiosksalet til Barnekreftforeningen sin kampanje.

Syril oppmodar alle i klubben om å støtte fotballtrøyefredag!

Vipps til 705404

Attgløymt skiutstyr på Kleppahytta

Skigruppa har gitt seg for sesongen og takkar alle for deltakelsen på arrangementa som har vore gjennom vinteren. Vi gledar oss til neste år, og håpar på gode snøforhold og aktive deltakarar!

Det betyr at skihytta er låst for sesongen, men ute på plattingen ligg det mykje skiutstyr. Noko av utstyret stammar nok frå KO, men om du saknar eit par skisko, så kan det hende det er der dei ligg.

Evalueringsmøte av Kjeringi Open 2023

Fyrstkommande torsdag, 27. april, blir det holdt evalueringsmøte av Kjeringi open, på Knausen kl. 20-2130. Det blir servert kaffi/te, og noko lite å bite i. Ope for alle!

Om du har tilbakemeldingar du ynskjer å formidle, men ikkje har anledning til å delta på møtet – kontakt den gruppeleiaren som rekrutterte deg, og få tilsendt eit spørjeskjema du kan svare ut. 🙂

Vel møtt!

Årsmelding og protokoll frå årsmøte 2023

22. mars 2023 gjennomførte Syril årsmøte på kontora til Digdir. Det kom representantar frå alle gruppene, bortsett frå fotball og trim som i forkant hadde meldt inn at dei dessverre ikkje hadde anledning til å stille.

Val

Det vart gjennomført val, og valkomiteen kunne gladleg annonsere at dei hadde fått fylt alle verva. Syril AU held fram som sist, mens vi finn nye ansikt i to av særgruppene – friidrett og trim har fått nye leiarar. Vi ynskjer Torhild Brudvik (friidrett) og Eva Hamre (trim) velkomne i styret til Syril!

Arbeid framover i Syril AU

Det viktigaste Syril AU kjem til å jobbe med framover vart også presentert på møtet. Dette inkluderer blant anna arbeid med å få opp lys på friidrettsbana, drift i trekket på Kleppa og ny ansvarleg for Syril-bussen, for å nemne nokre. I tillegg har vi dei årlege aktivitetane som Stavsete skifest og Kjeringi open som nå er rett rundt hjørnet. I tillegg til Syril AU, er det mange utanom styret som bidreg stort for å realisere alle desse prosjekta. Tusen takk!

Nedanfor finn de lenkje til protokoll frå møtet, og årsmelding for 2022:

Årsmelding 2022

Protokoll årsmøte Syril 2023

Syrstrond Idrettslag