I 2021 vart det vedteke av idrettstinget at det er obligatorisk for alle trenarar å ta Trenarattesten. Trenaratttesten tek deg gjennom dei viktigaste oppgavene og forventningane til deg som trenar. I tillegg får du tilgang til ei ressurside som kan nyttast etter behov.
Trenarattesten er delt inn i tre nivå – ein for trenarar i barneidretten, ein for trenarar i ungdomsidretten og ein for trenarar i vaksenidretten. Du tek attest for det nivået du trenar. Det tek kun 10-20 min å gjennomføre Trenarattesten. Kanskje passar det å ta attesten no?
Gå til Trenarattest:
https://www.idrettsforbundet.no/digital/trenerattest/
Trenarattest+politiattest=sant
«Alle med oppgåver i idretten som inneber eit tillits- eller ansvarsforhold til mindreårige eller mennesker med utviklingshemming, skal syne fram politiattest.«
Vi går no over til å registrere politiattest digitalt i Syril. Alle som er medlem av idrettslaget, og som har knytt seg til Syril gjennom å ta Trenarattesten, kan registrerast med vist politiattest i systemet. Difor er det ekstra viktig at alle har gjennomført Trenarattesten.
Har du vist fram politiattest, og gjennomført Trenarattest, men det syner ikkje i MinIdrett? Ta kontakt med gruppeleiaren din.
Gå til Politiattest:
https://www.idrettsforbundet.no/tema/politiattest/
Les meir om politiattest i Syril:
https://wordpress.com/page/syril.no/4142