Kategoriarkiv: Trim

Video av turen

action camSyril trim har ei lita utfording til ungdomar eller vaksne, unge til sinns.

  • Vil du hjelpe oss å lage små korte «time lapse»-videoar av turen fram til turpostane.

Har du eit GoPro eller tilsvarande kamera, still det inn på å ta eitt bilete kvart sekund eller anna kvart sekund og gå turen. Det gir 3600 bilete eller 1800 bilete pr time. Set ein saman bileta til ein video med standard hastighet på 25 bilete pr sekund, blir det 144 eller 72 sekund med video for kvar time tur. Ferdig video vert lagt på Youtube og integrert på sidene til Syril. Redigering til video kan vi ordne, du leverer berre bileta!

  • Ta kontakt med Arild Bjørk (evt. tlf 95 20 60 49) om du vil vere med!

Esefjorden rundt, 1. mai

venstreSyril har motteke invitasjon til Esefjorden Rundt. Løpet eller turen er 8,5 km langt og går på asfalt utan særleg høgdeskilnad. For å komme til startplassen på Tjugum, tek ein skyssbåt frå Holmen (sentrum) over fjorden. Start ved Tjugum kyrkje nær Dragsvik og mål ved festplassen «Balahaugen» ca. 1 km frå sentrum.

Aktive kan delta på tid. Andre (store og små) kan ta det som ein triveleg trimtur. Her finn du meir info, påmeldingsskjema og programbladet. Årets tema er «Keipenprosjektet»: http://esefjorden.balestrand-il.no/.

Trimkorta 2017 er i sal!

Turpost 2017Trim 30 2017No er vårvarmen på veg og Syril Trim er klar. Klyppekort kan kjøpast hjå Små Livsgleder og Erling Røysum AS.

  • Kort for alle 20 trimpostane til kr 100.
  • Kort for 30 klypp (Trim 30) for dei som vil gå på nokre av postane, fleire gonger til kr 50.

Om du ikkje har kontantar med deg i butikken, VIPPS beløpet til 88235 med tekst «Trim» frå butikken så får du utlevert kort.

Born: Eigen trekning for barn fødd i 2002 og seinare blant Trim 30-kort med minimum 20 klypp. Hugs å skriva fødselsåret på kortet før innlevering i haust!

Korta kan kombinerast. Kjøper du begge, treng du berre 10 ekstra klypp/turar for å få fullt Trim 30-kort.

Flotte premiar blir trekt etter sesongen mellom innleverte kort. Før innlevering hugs å skrive namn og tlf.nr og evt. fødselsår på baksida av korta

Nytt i 2017

Klyppetenger er flytta:

  • Hangsete går ut til fordel for Våkeldahaug (utsiktspunktet nær Kyrafossen) slik at ein får to utsiktspunkt som tek pusten av deg i Njøs-området.
  • På grunn av anleggsarbeidet i Huksdalen fram til og med 2018, vel vi å ta ein pause frå Stavsete og Nyastøl. Hest og Smørklett kjem inn att på trimprogrammet.

Det vil i løpet av sommaren bli etablert post med bok, ikkje klyppetang, ved stølsområdet i Friksdal. Ivar Henjum er sett på saken. Kanskje vankar det ein kopp kaffi når du stikk forbi.

Kart over postar

Raude stjerner = bok og tang. Blå stjerner = berre bok. Klikk på bilete for større utgåve!

kart-over-turpostar-2017

 

Vinnarane av Syril Trim 2016

2016-gavekortI 2016 har Syril Trim hatt den beste deltakinga nokon sinne. Vi vonar alle har hatt fine opplevingar ute i naturen.

For å feire deltakinga i trimmen sler vi saman med Erling Røysum AS på stortromma. Som vanleg går nettoen på sal av trimkort til premiar. I tillegg aukar Erling Røysum AS premiepotten med gode 20%!

Kvar vinnar av Trim 30 får eit gåvekort på kr 500. Kvar vinnar av turposttrimmen får eit gåvekort på kr 1.000. Premiar er på veg ut!

Trim 30 – junior

  1. Janne Olsmo Oen
  2. Anna Felde Hasund

Trim 30

  1. Per Høgheim
  2. Linda Føleide Skinlo
  3. Elisbeth Bernhardsen
  4. Ane Bjørk
  5. Siri Ringheim Heggenes
  6. Anna Røysum

Turpost

  1. Solfrid Kjoberg
  2. Ida Helen Sundet
  3. Hege Nilsen Nornes
  4. Per Høgheim
  5. Mathilde Aasen Vikesland
  6. Ida Bjørk
  7. Kjell Remø
  8. Solbjørg K. Halland
  9. Jens Remø
  10. Ingrid Rishovd
  11. Tonje G. Sjøthun
  12. Marie Bremer Remø
  13. Rita Steig
  14. Elisabeth Bernhardsen
  15. Hildur Liljedahl Stølen

Erling Roysum

Milepæl nådd i trimsesongen 2016

Trimsesongen 2016 har vore ein god sesong. Mange har teke turen ut i naturen i Leikanger og mange har valt å dele opplevinga på Facebook-gruppa til Syril Trim. Hald fram med å dele dine turopplevingar både vinter, vår, sommar og haust!

Interessa har gjort seg synleg i sal av trimkort. I 2016 passerte vi 200 selde klippekort. Fordelinga er klart i favør av dei tradisjonelle 20 turpostane, som utgjer 2/3 av salet. Det fine er at Trim 30-kortet tek seg opp. Dette er eit alternativ til å ta alle postane, sidan ikkje alle av postane er like lett tilgjengelege. Trim 30 kan kombinerast med det tradisjonelle kortet med 20 klipp frå alle postane supplert med 10 ekstra turar.

Så godt som alt vi får inn på sal av trimkort – kostnader til korta går til premiar. I år vil vi ha fleire premiar enn nokon gong. Erling Røysum AS er med på «å strekkje pengane» noko lenger. Det betyr at sjansen for at du blir ein vinnar blir større!

Hugs å levere trimkorta hjå Erling Røysum AS eller Små Livsgleder så snart som råd!

Sniktitt på 2017

Vi har ei lita gladmelding til dei som etterlyste trimkort med bilde på. Her er smakebit på neste års trimkort:


Som de ser er våre trufaste sponsarar av utstyr og rekvisita:

med oss i 2017 òg. Vi takkar for deira langvarige støtte!

«Bokjag» i oktober

2016-haust-hnn-vassvarden
Haust ved Vassvarden – Foto: Hege Nilsen Nornes

Haustfargane er komne. Gradvis blir nyansane av grønt erstatta med eit vidare fargespekter før hausten går over til vinter. Innsamlinga av bøker frå dei ulike postane kan ta til.

Vi set stor pris på om du kan vere med og hjelpe oss. 

Kva skal du gjere?

Plukk ut av turpostkasssen plastboksane med bok, blyant, viskeler og spissar. Ta han med til ein av oss. Klyppetengene skal ikkje takast med. Dei skal henge att i turpostkassen. Om vi ikkje er heime når du kjem forbi, set boksen i garasjen mellom bilane, på terrassen eller ved inngangsdøra.

Prioriter postane over 900 moh først: Hest*, Kjeringafjell, Vassvarden, Lusaskard, Bergsete og Rjupeskard. Bøkene på Stavsete og Nyastølen i Huksdalen er henta inn 25.09.

*) På Hest skal det festast ei klyppetang i turpostkassen for 2017-sesongen. Ta kontakt med Arild Bjørk på 95206049 så får du tanga og instruksjonar på festing.

Trimprogram 2017

Det er nokre år sidan det var endringar i trimprogrammet. I 2017 vil vi gjere endringar som medfører at vi flyttar på tenger som inngår i klippekortet.

  • Hangsete går ut til fordel for Våkeldahaug slik at ein får to utsiktspunkt som tek pusten av deg i Njøs-området.
  • På grunn av anleggsarbeidet i Huksdalen fram til og med 2018, vel vi å ta ein pause frå Stavsete og Nyastøl. Hest og Smørklett kjem inn att på trimprogrammet. Vi unngår då å redusere tilbodet for dei som har tilhold i området Grinde til Eggja.

I Huksdalen må tengene hentast inn i haust. Sidan ein tek vekk gangunderlaget på brua til Nyastølen i oktober, ber vi om at alle som har att postane Nyastøl og Stavsete snarast får dei unna. Tengene vil bli samla inn seinast 1. oktober.

img_20160904_112941

Innlevering av trimkort

Tursesongen går mot hell, men det framleis god tid att til å få gjort unna dei siste klippa. Erling Røysum Sport AS eller bokhandelen/Små Livsgleder er klar til å ta imot kortet ditt. Syril Trim hentar dei innleverte kort 1. november og det blir trekning i løpet av november.

Du har att 2 månadar til å få på plass dei siste klippa.

 

Bok på Hest!

23.07.16 er det reetablert post på Hest, ein god times til halvannan gange nord om Mælen eller Dalsbotnen. Posten inngår ikkje i trimprogrammet og har inga klyppetang. Vi får sjå om Hest kjem med på trimprogrammet eit seinare år. Inntil vidare er dette ekstra trim.

Turen kan inngå som del av ein lenger tur: Frå Engjasete via Hest til sørspissen av Stav, ned Troeggi til Vassvarden, for å enda opp på Hella.